Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

SKAM 3: Det handler om, hvordan vi fremstiller oss selv!

Logg inn for å lesa meir

Instruktør: Julie Andem

Produsent: NRK

Produksjonsår: 2015-17

Pedagogiske konsulentar: Trine Ferdinand og Dorte Haraldsted

Oppgåver

  • 1Mål

    De kan lære å

    • lese ein dialog
    • reflektere over ulike syn på jenter
    • vere bevisste på korleis ein framstiller seg sjølv
    • undersøkje sjangeren meme
    • lage ein meme med ein bodskap
    • kommunisere med unge frå dei nordiske landa
  • 2Før

    Den 8. mars, som er kvinnenes internasjonale kampdag, postar Noora eit korsstingsbroderi – eit såkalla meme – på Instagram. Meme er bilete eller videoar som blir delt på nettet og er fullt av innforståtte kodar og spøkar, men dei kan òg uttrykkje ei haldning.

    • Finn meir informasjon om kvinnedagen.
    • Noora er feminist – er du? Ta testen http://kvinfo.dk/nyheder/hvor-feministisk-er-du
    • Finn og presenter eit meme. Sorter mema til klassen i kategoriar, f.eks. «Tull og tøys», «Shaming», «Noko på hajrtet» og «Heng du med?»
  • 3Under

    Oppgåver til klippet

    • Sjå klippet eit par gonger.
    • Set dialogen mellom Vilde og Noora om til nynorsk, og lag eventuelt høyrespel.
    • Kvifor tek Noora jakka på etter at ho har lese meldinga frå William?
    • Kva meiner Vilde med at jenta i Pepsi Max-gjengen fell i kurs?
    • Kvifor vil ikkje Noora bli sponsa av solariumskjeda Brun og Blid?
    • Strek under haldningsmarkørar (dvs. ord med positiv eller negativ betydning), som uttrykkjer høvesvis Vildes og Nooras ulike synspunkt. Bruk to fargar.
    • Beskriv forskjellen i ordvalet deira.
    • Diskuter dykkar eiga haldning til sponsoravtalen i grupper.

     

    Oppgåver til tekstdialogen

    • Omset dialogen mellom Vilde og Noora til nynorsk.
    • Kva meiner Noora med at «Vi skal ikke fremstå som seksuelle objekt»?
    • Kva er forskjellen på argumenta til Noora og Vilde kring det å bruke leppestift?
    • På Instagramen til Noora går det fram at ho har delteke på kvinnedagen. Korleis ser ein det elles i klipp og dialog at ho er feminist?

     

    Oppgåver til Instagram-posten

    • Beskriv memet og forklar korleis uttrykkforma (korsstingsbroderi) og bodskapen «Girls just wanna have fundamental human rights» speler saman.
    • Memet til Noora referer til songen «Girls just wanna have fun» av Cyndi Lauper. Sjå musikkvideoen på nettet. Når er den frå? Kva gjer jenta i videoen opprør mot, og korleis gjer ho det? Kva synest Noora om bodskapen i songen?
    • Kva ønskjer Noora å fortelje med memet på Instagram? Kvifor vil Noora ikkje nøye seg med berre å ha «fun», men ha «fundamental human rights»? 
  • 4Etter

    undefined

    • Korleis framstiller du deg sjølv i sosiale medium? Kva tankar gjer du deg om det?
    • Diskuterer du i likskap med Noora haldningar med vennene dine? Kom med døme.
    • Deler du haldningane dine på sosiale medium? Om ja, kva for nokre? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Lag eit meme med yndlingssitatet ditt frå f.eks. SKAM, som uttrykkjer noko du synest er viktig. Bruk nål og tråd, blyantar eller smarttelefon og lag eit meme. Bruk ev. appen Cross Stitch Maker eller ein annan meme-generator.
    • Del memet ditt med andre unge i Norden på Instagram med emneknaggen #nordeniskolen  og legg inn ein kommentar til andre postar med emneknaggen.