Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

SKAM 4: Ungdommens frihet og ansvar

Logg inn for å lesa meir

Instruktør: Julie Andem

Produsent: NRK

Produksjonsår: 2015-17

Illustratør/Foto: Norges grunnlov 17. mai 1814 (Wikipedia.org)

Pedagogiske konsulentar: Trine Ferdinand og Dorte Haraldsted

Bilete

Grunnloven_1814_plktr_05878.jpg

Oppgåver

  • 1Mål

    De kan lære å 

    • forstå bakgrunnen for Noregs grunnlov og nasjonaldag
    • formulere verdiane dykkar
    • bli bevisst på samanhengen mellom tradisjonar og identitet
    • skrive eit manifest
  • 2Før

    Sjå bilete av Noregs grunnlov til høgre på denne sida.

    Fakta: I over 400 år var Noreg og Danmark ein del av same riksfellesskap, og dei blei kalla tvillingrika. Først i 1814 blei Noreg eit sjølvstendig land og fekk si eiga frie grunnlov. Den blir feira 17. mai, som er grunnlovsdag og Noregs nasjonaldag, ein dag alle har fri. Nordmennene kler seg i nasjonaldrakter og feirar nasjonaldagen sin med tog, is og pølser. Nordmenn i utlandet møtest ofte og feirar denne dagen saman f.eks. på Skansen i Stockholm og med folketog gjennom København.

    Den norske grunnlova blei skriven på dansk, som var skriftspråket i Noreg i 1814. Gjennom åra har Grunnlova blitt revidert, men språket blei halde til 1800-talsdansk. Det er særs usedvanleg at ei grunnlov ikkje er skriven på det offisielle språket i eit land, men det kjem kanskje av at nordmennene på slutten av 1800-talet fekk to skriftspråk, som i dag heiter bokmål og nynorsk. Først etter 200 år, til grunnlovsjubileet i 2014, blei Grunnlova omsett til norsk – til både nynorsk og bokmål.

    • Korleis feirar de 17. mai der de bur?
    • Søk etter bilete/videoar av nasjonaldagsfeiringar i andre nordiske land og sjå korleis dei lever der.
    • Har vi andre merkedagar og tradisjonar i Noreg som styrkjer fellesskapskjensla?
  • 3Under

    Oppgåver til klippet 

    • Korleis kan ein sjå at klippet er frå Noregs nasjonaldag?
    • Kva tradisjonar høyrer vi om i klippet?
    • Eva, Chris og Sana har på seg bunad, som er ei nasjonaldrakt som viser kva stad slekta stammar frå. Kvifor trur du jentene har på seg bunad, og er det av same grunn?

     Oppgåver til talen som tekst

    • Omset talen til nynorsk. Del talen opp mellom dykk, slik at ei gruppe elevar omset eit mindre avsnitt kvar. Skriv gjerne i eit felles online-dokument i f.eks. Google Docs.
    • Kvar gruppe vel éin elev som framfører avsnittet av talen på nynorsk for klassen.

    Svar så på spørsmåla under:

    • Kva har dei unge fridom til?
    • Kva har dei unge ansvar for?
    • Kva rolle speler Facebook i talen?
    • Korleis gjer talen Grunnlova aktuell for unge?
    • Kva verdiar byggjer Grunnlova på?
    • Kva betyr «Mennesker trenger mennesker»?
    • Kva er bodskapane i talen?
    • Er de einige i bodskapane?
  • 4Etter

    Som det går fram av talen, er det opp til dei unge å avgjere kva verdiar som skal rå i framtida.

    • Ha ei felles idémyldring og skriv ned verdiane de meiner blir viktige i framtida.
    • Skriv eit manifest, som er ei erklæring, der de set ord på verdiane de synest samfunnet skal byggje på i framtida.