Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

SKAM 5: Uten mitt samtykke

Logg inn for å lesa meir

Instruktør: Julie Andem

Produsent: NRK

Produksjonsår: 2015-17

Pedagogiske konsulentar: Trine Ferdinand og Dorte Haraldsted

Bilete

nora.jpg politi.jpg

Oppgåver

  • 1Mål

    De kan lære å

    • omsetje talen til nynorsk og samanlikne stavemåtane
    • bli bevisste på eigne og andre sine grenser for deling av bilete
    • debattere deling av bilete på sosiale medium.
  • 2Før

    Mange unge opplever at andre tek bilete av dei og deler eller truar med å dele bilete av dei utan samtykke. Nokre deler bilete på sosiale medium for gøy og å få likes, mens andre gjer det for å mobbe eller true. Det heiter hemnporno og er straffbart.

    • Diskuter når det er harmlaust å dele bilete.
    • Diskuter når bilete kan henge ut, utnytte eller krenkje ein person.
    • Det er ulovleg å dele intime bilete av andre. Kva reknar du som intime situasjonar?

    Ein morgon vaknar Noora opp naken i same seng som Niko, som er storebror til kjærasten hennar William. Ho har hatt blackout, kan ikkje hugse noko og skynder seg skamfull heim. Ho er i tvil om dei har hatt sex, og derfor skriv ho til Niko og spør kva som har skjedd. Først svarer han at ho ikkje skal bekymre seg, men han ombestemmer seg og sender ho ei ubehageleg melding med eit nakenbilete han har teke mens ho sov.

     

    Nikos melding til Noora:

    Nei forresten! Kødda!

    Fant nettopp dette bildet

    på mobilen nå, og da

    husker jeg ALT. Du var jo

    skikkelig kåt og drøy.

    Haha! oppførte deg som en liten hore.

    undefined

    • Kva formål har Niko med meldinga?
    • Er meldinga harmlaus eller krenkjande? Kvifor?
  • 3Under
    • Noora verkar varsam og sårbar i starten, kva får ho til å endre haldning?
    • «Det er ganske ballsy å være frekk mot en som sitter på nakenbilder av deg», seier Niko. Kva fortel det om baktankane til Niko?
    • Niko verkar overlegen og roleg i starten, kva får han til å endre haldning?
    • Beskriv korleis Noora får kontroll over situasjonen.

    Venninnene til Noora veit at ho skal møte Niko, og dei backar ho opp med utolmodige meldingar i gruppechatten «Gjengen allianse».

    undefined

    • Språket i meldingane ligg nært talespråket. Forklar kvifor.
    • Korleis backar venninnene Noora i tråden?
    • Kvifor kan ho ikkje vere åleine etter møtet med Niko?
    • Kvifor kan det vere lurt at jentene møtest?

     

  • 4Etter

    I klippet gir Noora Niko ein leksjon i norsk straffelov som reaksjon på truslane om å dele eit nakenbilete av ho. Det fører til ein rask reaksjon frå norsk politi, som kort tid etter nettepisoden postar dette innlegget på Facebook:

    undefined 

    • Kva synest du om måten norsk politi formidlar paragrafane i straffelova på på Facebook?

    I løpet av materialet har de nok funne at det er stor forskjell på kva grenser de har for deling av bilete. Derfor er det lurt om du klart fortel vennene dine når det er greitt å dele bilete av deg, og når det ikkje er. 

    • Lag ei liste over situasjonar då du ikkje vil at andre skal filme eller ta bilete av deg. Del lista på Facebook eller Instagram, om du har lyst.
    • Forklar vennene dine kva type bilete av deg vennene dine kan eller ikkje kan dele på sosiale medium.

    Den norske serien SKAM har vore med på å setje hemnporno på dagsordenen både bland unge på sosiale medium og i media. Kva meiner du sjølv om hemnporno og deling av bilete utan samtykke? 

    • Skriv eit kort debattinnlegg om hemnporno, der du formidlar dilemma og kunnskap og argumenterer for eiga haldning.