Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Akvarium

Klassetrinn: 8.-10. klasse Fag: Norsk (nynorsk) Læringsfokus: Språkforståing – munnleg (DK, NO, SV) Tema: Vennskap Emne: Dansk Type: Video

Forfattar: Lasse Volfing Jacobsen

Instruktør: Lars Drost Hundebøll

Skodespelarar: Einar Gensø, Morten Rose

Produksjonsår: 2012

Produsent: Lasse Volfing Jacobsen

Oppgåver

  • 1Språk- og kulturforståing

    Føremålet er å rette merksemda mot det danske talespråket. Det er ikkje så mykje dialog i filmen, så gå i djupna med replikkane i filmen og lytt nøye til det danske talespråket.


    Gruppe:

    • Sjå filmen og lytt til språket.
    • Lytt til tonen i det danske språket og sjå om de greier å høyre det danske stød – prøv å etterlikne tone og stød.
    • Kva danske ord og lydar synest de er spesielt interessante/vanskelege/merkelege?
    • Prøv å uttale lydane og diskuter kvifor dei er interessante/vanskelege/merkelege – kvar ligg dei i munnen samanlikna med ditt eige språk?
    • Sjå filmen om att og stopp han undervegs når de treng, og diskuter desse spørsmåla:
      • Korleis læt konsonantane d og g? Finn døme på ord i teksten med d og g, og prøv å etterlikne den danske uttalen.
      • Finn døme på verb og substantiv i replikkane og høyr etter korleis endingane blir uttalte.
  • 2Inn i filmen

    To og to:

    • Kva betyr venner for deg?
    • Korleis trur du det ville vore å ikkje ha nokon venner i det heile?
    • Trur du det er mogleg å vere venner med eit dyr?
    • Kan det vere fordelar med å vere venner med eit dyr i staden for eit menneske? Kva?
    • Skriv fem ord som skildrar kjenslene dykkar når de ser filmen.
    • Jamfør dei fem orda dykkar med andre sine. Er de samde? Kvifor? Kvifor ikkje?
  • 3Ned i filmen

    Aleine:


    Fiskebloggen

    • Sjå for deg at du er Frederik, fyren frå Akvariecentret. Skriv eit blogginnlegg om dagens besøk hos Sten.
    • Sjå for deg at du er barnebokforfattar og skal skrive eit eventyr om Sten. Før du skrid til verket, kan det vere ein god idé å tenkje gjennom spørsmåla under:

    1. Korleis er eit eventyr alltid bygde opp?

    2. Skal eventyret ditt ha ein bodskap?

    3. Synest du eventyret ditt skal ha ein moral?

    4. Korleis kan ein beskrive Stein, heimen hans og livet hans for eit barn?



  • 4Ut av filmen

    To og to:

     

    Det ser ut til at Sten lever ei særs innelukka og einsamt liv.

    • Korleis trur de livet til Sten ser ut eit år etter at filmen sluttar (skriv i 3 min).
    • Les skildringane dykkar høgt for kvarandre.
    • Er skildringane dykkar ulike? Korleis og kvifor?

    Fleire forsøk viser at dyr kan betre tilværet for menneske. Ofte nyttar vi hundar og hestar som terapi, og på mange sjukeheimar er det kattar og hundar dei gamle kan passe.

    • Søk på internett etter artiklar som skildrar korleis dyr kan nyttast for å få menneske til å ha det betre.
    • Vel ein artikkel de synest er spesielt interessant.
    • Lag eit kort referat av han.
    • Set dykk saman med andre i klassen og fortel om artikkelen din.


    Aleine

    • Ut ifrå det de har lese i artiklane, skal du skrive ein argumentarande tekst.

    1. Skriv ei liste med fordelar og ulemper – kva som er bra og mindre bra – ved det å bruke dyr som venner.

    2. Vel deretter om du vil vere for eller imot.

    3. Skriv eit lesarbrev eller eit debattinnlegg der du argumenterer for saka di.