Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Klippediktning

Du treng Flash for å bruke dette spelet. Get Adobe Flash player

Slik spelar du:

 

1. Start med å velja kva språk du vil bruka. Dette gjer du lengst nede i venstre hjørne av skjermen. I dette spelet kan du klippa ut ulike ord, bokstavar og bilete frå aviser og blad for å laga ditt eige personlege dikt eller ein kollasj av utklippa.

 

2. Du finn eit utval av ulike aviser og blad som du kan bruka til å setja saman ditt eige dikt eller kollasj. Du kan sjå kva val du har ved å klikka på pilene nedst på skjermen.

 

3. For å finna det du vil klippa ut og bruka, kan du zooma inn avis- eller bladsida du ser til venstre på skjermen. Du zoomar ved å klikka på forstørringsglaset nedst på skjermen. Når du har zooma inn ei side, kan du klippa i bladet eller avisa slik at du får med deg dei orda og dei bileta du vil bruka.

 

4. Du kan lett flytta utklippa dine med pila og plassera dei der du vil ha dei på papiret. Du kan  byta bakgrunnsfarge på papiret ved å klikka på dei ulike fargane til høgre på skjermen.

 

5. Om du ikkje blir heilt ferdig med diktet ditt, kan du lagra det og arbeida vidare ein annan dag. Du kan også hengja det ferdige diktet ditt opp på diktarmuren slik at andre kan sjå og lesa det.