Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Om dansk

Språk: Dansk

Talet på brukarar: ca. 6 millionar
Eksportord: Bil og jante
Å helsa på dansk: Hej eller goddag
Vanskeleg å seia: Rødgrød med fløde

 

 

Dansk som første- og andrespråk

Dansk er ikkje berre morsmål for rundt fem millionar danskar - det er også eit viktig andrespråk på Island, Færøyane og Grønland. Her må alle skuleelevar læra dansk som framandspråk. Særleg på Færøyane står dansk sterkt. Mange færøyiske ungdomar les heller bøker på dansk enn på sitt eige morsmål.


Dansk er dessutan eit viktig minoritetsspråk i Nord-Tyskland. Rundt 50.000 personar har dansk som morsmål i den tyske regionen som blir kalla Sørslesvig.

 


Dansk uttale

Dansk er det nordiske språket som andre nordbuar har størst problem med å forstå - og hovudårsaka er den danske uttalen. Å lesa dansk er sjeldan noko problem. Å forstå talespråket er noko heilt anna.


Ei forklaring er at det er stor skilnad mellom dansk tale og dansk skriftspråk. Endingar og trykksvake stavingar blir ofte borte i dansk uttale, og det gjer det vanskeleg å avgjera når eit ord begynner og når det endar. Lytt til dømes til adoptere og kage på dansk ved å klikka på orda. Skilnaden mellom uttale og skriftspråk i dansk skapar ikkje problem berre for andre nordbuar. Undersøkingar har vist at danske treåringar lærer seg langt færre ord enn jamnaldringane i til dømes Noreg og Sverige. I tillegg har danske skulebarn ei vanskelegare oppgåve når dei skal læra seg å lesa og skriva på sitt eige språk.

 

 

Sjå film om dansk

 

 

Dansk har mange lånord

Engelske lånord strøymer inn i alle nordiske språk, men tendensen i dansk er at dei engelske orda også held på den engelske skrivemåten, inkludert grammatiske bøyingsendingar og stavemåtar. Computer, weekendspeaker og teenanger er døme på ord som kan brukast på dansk, men som blir bytta ut med meir nordisklydande variantar i norsk og svensk. Også når ein ser på historia, har danskane flittig lånt inn ord frå andre språk. Ord som bangeborgerangst og alene kan forklarast med ei tysk bølgje av innlån på 1600-talet.

 


Å rekna på dansk

Når ein danske begynner å rekna, får andre nordbuar vanskar med å hengja med. Men det er berre fem ord som er årsaka til det: halvtredstreshalvfjerdsfirs og halvfems. Dei kan verka uforståelege, men det finst ei logisk forklaring. Det danske systemet byggjer på tjuetal, og tjue på dansk heiter snes i eintal og snese i fleirtal. Når danskane seier tres, er det ei samantrekking av tre snese, medan firs er ei sammantrekking av fire snese. Halvtreds betyr altså tre snese minus ei halv snese. Ser du logikken? Gjer du ikkje det, må du berre læra deg orda utanåt:

 

20: tyve
30: tredive
40: fyrre
50: halvtreds
60: tres
70: halvfjerds
80: firs
90: halvfems
100: hundrede

 


Korleis forstå dansk?

Eit av dei store problema med den danske uttalen er at det oftast berre er trykksterke ord som blir tydeleg markerte i talespråket. Trykklette stavingar blir vanskelege å oppfatta for han eller ho som talar svensk eller norsk.

 

Fleire vokalar blir uttalte ulikt i dansk og norsk. Ein lang a-lyd blir nesten som ein norsk a og ein svensk ä. Lytt til dømes på likskapen i dei første vokalane i det danske saga og det svenske städa er ved å klikka på orda. Den norske og svenske u-lyden finst ikkje i dansk, der u blir uttalt meir som ein o. I dansk er d etter l og n vanlegvis stum som i ildland og under.

 

Om eit ord begynner på g eller k, skal det alltid uttalast med g- og k-lyd (til skilnad frå norsk og svensk). Samanlikn det danske ordet kæreste med det norske ordet kjæreste   ved å klikka på orda. Konsonantane i kombinasjonar som sk-, skj- og stj- skal alltid uttalast kvar for seg på dansk, og ikkje som i norsk (og svensk) der ein dreg saman lydane til ein sje-lyd. Lytt til dømes på uttalen av det danske ordet sjæl og det norske ordet sjel

 

 

Jamfør språka

Denne teksten er omsett til alle dei nordiske språka. Finn ut kva som er likt og kva som er ulikt ved å klikka på sidene om dei ulike språka (Om svensk, Om norsk og så vidare). Her er den danske versjonen:

 

Svenskere, nordmænd og danskere forstår hinanden rimelig godt. De har større problemer med islandsk, selvom islandsk ligner det skandinaviske sprog som taltes for tusind år siden. Nærmest beslægtet med islandsk er færøsk, men sprogene er ikke så ens at en islænding forstår en færing uden problemer.

 

Finsk minder mest om estisk, men det har også ligheder med de samiske sprog. I både finsk og samisk kan for eksempel danne lange ord ved at tilføje bøjningsendelser til stammen af ordet. Men når det gælder lange ord er grønlandsk i en klasse for sig. Hvor andre sprog behøver en hel sætning rækker det til tider med et enkelt grønlandsk ord.


  
I den danske teksten er det mange bd og g der vi i den svenske og den norske teksten bruker p, t og k. Ein plar seia at dansk helst bruker mjuke konsonantar, medan norsk og  svensk bruker harde konsonantar. Skilnadene er dei same i talespråket, og dei er også tydelege i uttalen.

Gælder blir stava med g heilt likt som i svensk, medan norsk brukar stavinga gj-. Men til skilnad frå både svensk og norsk skal det danske ordet uttalast med ein hard g-lyd (i staden for ein j-lyd). G- i starten på danske ord skal alltid uttalast hard.

 

Fleirtalsendinga i ordet problem er - akkurat som i norsk bokmål - problemer. I svensk og i nynorsk er det inga ending i fleirtal av dette ordet, og det er mange fleire substantiv som manglar ending i fleirtal i nynorsk enn i dansk.


På dansk heiter det for det meste hinanden (sjølv om hverandre også blir brukt iblant), på svensk varandra og på nynorsk kvarandre. I eldre skandinavisk var det ein skilnad mellom "hinanden" og "kvarandre": Ein helste hinanden om ein omtala to personar, men brukte kvarandre om det gjaldt tre eller fleire. Kvarandre var ei fleirtalsform som vann fram i svensk og norsk, medan hinanden vann fram i dansk.

Bilete

dk.png