Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Om færøysk

Språk: Færøysk

Tal på brukarar: ca. 75.000
Eksportord: grindkval
Å helsa på færøysk: góðan dag
Vanskeleg å seia: eitt heitt, nýbakað byggbreyð (eit varmt, nybaka byggbrød)

 

Færøysk – Det minste nordiske språket

Færøysk er det minste av dei nordiske språka som er i bruk. Det er om lag 75.000 menneske som snakkar færøysk. Av dei er vel 52.000 busette på Færøyane. Den færøyske grammatikken har mykje til felles med gammalnorsk og islandsk grammatikk. For eksempel har ein som i islandsk og gammalnorsk fire kasus og tre grammatiske kjønn. Færøysk har til skilnad frå islandsk vore meir ope for låneord frå andre språk. Tidlegare kom låneorda først og fremst frå dansk, medan dei i seinare tid i hovudsak har kome frå engelsk. Den som forstår eit skandinavisk språk forstår difor fleire ord i ein færøysk tekst enn i ein islandsk.



Sjå film om færøsk

 

Færøysk – eit ungt skriftspråk

Den første nedskrivne teksten på færøysk er ei lovbok som blir kalla Seyðabrævið (Sauebrevet) frå 1298, som er ei lovbok som regulerer sauehaldet i landet. På slutten av 1700-talet blei det skrive ein heil del tekstar på færøysk. Ei forholdsvis omfattande ordbok med dansk og latinsk omsetjing blei nedskrive slik som songar og anna folklore som tidlegare hadde blitt vidareført munnleg frå generasjon til generasjon. På den tida fanst det ikkje noko offisielt færøysk og ettersom det ikkje fanst offisielle reglar, så varierte stavinga. Først i 1846 blei V. U. Hammershaimg sitt forslag på korleis skriftspråket skulle sjå ut etablert.

 

Det tok nokre år før det færøyske språket blei meir utbreidd. Hovudårsaka var at det færøyske folket på den tida nesten utelukkande var munnlege utøvarar. Det fanst ingen etablerte skular i landet og all dagleg kommunikasjon og overføring av kultur gjekk føre seg munnleg på færøysk. Kommunikasjonen med styresmaktene og prestane gjekk føre seg på dansk. Heilt fram til midten av 1900-talet var difor dansk det offisielle språket både i skulen og i kontakta med styresmaktene. Først etter andre verdskrig blei færøysk hovudspråk i skule og forvaltning.

 

Færøysk er eit nordisk språk. Skriftleg er færøysk mykje likt islandsk, sjølv om det finst visse skilnadar i ordforrådet, som også har mykje til felles med skandinaviske språk. I uttalen har færøysk sine særtrekk og har for eksempel utvikla ein del diftongar (uttale av vokalar) som ikkje finst på nærliggande språk.

 

Det blir publisert mykje litteratur på færøysk, både skjønnlitteratur og faglitteratur. Det blir omsett ein del litteratur til færøysk og nesten alle tekstsjangrar er representerte på færøysk. På Fróðskaparsetur Føroya (universitetet på Færøyane) er det mogleg å studere færøysk på sommarkurs i færøysk språk, kultur og litteratur for nordiske og internasjonale studentar.

 

 
Samanlikne språka

Denne teksten er omsett til alle dei nordiske språka. Finn ut kva som er likt og kva som er ulikt ved å klikka på dei ulike sidene om språka (Om svensk, Om norsk og så vidare). Her er den færøyske versjonen:


Sviar, norðmenn og danir skilja heilt væl hvønnannan.Teir hava størri trupulleikar við íslendskum, hóast íslendskt líkist tí skandinaviska málinum, ið varð tosað fyri túsund árum síðan. Næstringur hjá íslendskum er føroyskt, men málini eru ikki so lík, at ein íslendingur skilir ein føroying uttan trupulleikar.

 

Finskt minnir um estiskt, men har er eisini skilskapur við sámisku málini. Í bæði finskum og sámiskum kann en til dømis skapa long orð við at leggja bendingar aftrat stovninum. Men viðvíkjandi longum orðum er grønlendskt heilt serstakt. Har øðrum málum tørvar eina heila meining, er ofta nóg mikið við einum einasta grønlendska orði.



Samanlikne den færøyske teksten med den islandske. Du vil sjå at mykje er likt, men du vil også finne nokre skilnader. Legg til dømes merke til at meining heiter meining på færøysk  (om lag som på svensk og på nynorsk), men setning på islandsk (om lag som på norsk bokmål og på dansk).

 

Og kva trur du at trupulleikar tyder?



Bilete

250px-Flag_of_the_Faroe_Islands.svg.png