Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Om grønlandsk

Språk: grønlandsk

Tal på brukarar: ca. 55 000
Eksportord: anorakk, igloo og kajakk

 

undefined

 

 

Grønlandsk er som eit byggjesett

Grønlandsk – eller kalaallisut, som grønlendarane sjølve kallar språket sitt – skil seg mykje frå dei andre språka i Norden. Det ser du fort ved å kaste eit blikk på eksempelteksten. Noko som først og fremst skil seg ut er talet på ord. Den danske eksempelteksten har for eksempel 108 ord og den finske 90, medan den grønlandske berre inneheld 72.

Det er altså færre ord i den grønlandske teksten, men til gjengjeld er orda svart lange. At orda er så lange, kan ein forklare med at grønlandsk er eit polysyntetisk språk. Med det meiner vi at delar av ord (morfem) og bøyingar ikkje fungerersom sjølvstendige ord, men kan i staden for sveisast saman til lange kjeder av ord. Eit døme på det er det grønlandske ordet qimmersuaqarusunngilaq, som betyr Han vil ikkje ha ein stor hund. Dei fleste grønlendarane har sannsynlegvis aldri brukt akkurat dette ordet, men dersom dei skulle ha bruk for det, kan dei utan problem forme det. Dei kan også forstå ordet dersom det dukkar opp i ein tekst fordi dei kan identifisere dei ulike delane i ordet. Qimmeq betyr hund, suaq betyr stor, qar betyr har, nngi betyr ikkje og gusup betyr å ønskje. Motpolen til grønlandsk språk er analytiske språk. Det som kjenneteiknar analytiske språk er at bøyingar og orddelar (morfem) opptrer som frittståande ord i staden for å bli fletta saman til ei lang ordkjede.

Reindyrka syntetiske eller analytiske språk er svært sjeldne. I nesten alle språk finst det både syntetiske og analytiske trekk. I svensk og norsk blir til dømes endingar brukte for å uttrykkje bestemt form, medan ein på engelsk bruker ordet the. På engelsk heiter altså hund i bestemt form the dog, medan vi på svensk og norsk skriv hunden.

 

 

Dei næraste slektningane til grønlandsk

Grønlandsk er opplagt eit spesielt språk, men det finst likevel nokre andre språk som kan seiast å vere i slekt med grønlandsk. Språkfamilien blir kalla eskimoisk-aleutiske språk og blir brukt av rundt 100 000 menneske, og om lag halvdelen av desse er grønlendingarar. Menneska som bruker desse språka er spreidde over eit stort område i nord: frå Sibir i Russland via Grønland til Canada og Alaska i Nord-Amerika. Det nest største eskimoisk-aleutiske språket heiter inukitut og blir brukt av om lag 20 000 menneske i Canada.


Det er ikkje like enkelt for alle grønlendingar å forstå kvarandre. Skilnadane mellom dei vestgrønlandske og dei austgrønlandske dialektane er store, noko som ikkje er så rart med tanke på dei geografiske avstandane. Grønland er trass alt, med sine dryge 2 millionar kvadratkilometer, verdas største øy.

 

 

Språkleg press frå dansk

Då Grønland blei kolonialisert av Danmark på 1700-talet, blei det grønlandske språket utsett for sterk konkurranse med dansk. Årsaka til det er at dansk blir brukt i alle offisielle samanhengar. Fordi grønlandsk ikkje blei snakka til dømes i skolane, i kyrkjene, i næringslivet eller av dei styrande politikarane, blei heller ikkje viktige nye ord og omgrep utvikla. Grønlandsk var på veg til å bli eit språk som berre var til bruk i heimen og i privatsfæren.


Men det fanst danske kolonisatorar som interesserte seg for det lokale språket. Ein av desse var misjonæren Paul Egede. Han flytta til Grønland som barn, og var ein av dei første danskane som lærte seg språket. På midten av 1700-talet publiserte han den første grønlandske ordboka og ein grønlandsk grammatikk. Etter den tid har det komme mange ordbøker og grammatikkar. Samanlikna med mange andre nordamerikanske urspråk er grønlandsk dermed godt dokumentert.


Det er gjort ein stor innsats for å styrkje og bevare det grønlandske språket dei siste førti åra. Eitt viktig steg kom med det grønlandske heimestyret i 1979, då grønlandsk vart eit offisielt språk på Grønland ved sidan av dansk. Då heimestyret blei gjort om til sjølvstyre i 2009, blei statusen for det grønlandske språket styrka ytterlegare. Grønlandsk er no det einaste offisielle språket på Grønland. Det betyr blant anna at alle barn på Grønland får all undervisning på grønlandsk. Språket blir også brukt på det grønlandske universitetet (Ilisimatusarfik) og i den demokratisk valde forsamlinga Inatsisartut. Trass i at UNESCO ser grønlandsk som eit av trua språk, er stillinga meir stabil enn nokon gong. Det finst mellom anna ein rik litteratur skriven på grønlandsk.

 

 

Denne teksten er omsett til alle dei nordiske språka. Her er den grønlandske versjonen. Finn ut kva som er likt og kva som er ulikt mellom den og dei andre nordiske språka ved å klikke på dei ulike sidene:


Svenskit, norskit qallunaallu imminnut paaseqatigiilluarsinnaapput, Islandimiulli oqaasiinik paasinninnissaq ajornartorsiutiginerusarlugu, uffa ukiut tusindit matuma siorna Skandinaviami oqaatsinut Islandimiut oqaasii assingugaluartut. Islandimiut oqaasiinut qaninnerpaat tassaapput Savalimmiormiut oqaasii, taamaakkaluartorli oqaatsit ima assigiitsiginngillat Islandimiup Savalimmiormioq ajornartorsiuteqanngitsumik paasisinnaallugu.


Finskit oqaasii Estlandimiut oqaasiinut eqqaanarnersaapput, aammali saamiit oqaasiinut assingullutik. Assersuutigalugu, finskit oqaasiini saamiillu oqaasiini oqaatsit takisuunngorsinnaapput, naanerit oqaatsip nagguianut ilannguttakkat tapiliunneqarnerini. Kisiannili oqaatsit takisuut pineqartillugit kalaallit oqaasii immikkooruteqarluinnarput, tassami oqaatsit allat oqaaseqatigiit ilivitsut atorlugit oqaatigisaat kalaallisut oqaatsimik ataatsimik oqaatigineqarsinnaammata.

Bilete

25632681.601.png