Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Om samisk

Språk: nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, enaresamisk, 
austsamisk/skoltesamisk, pitesamisk, umesamisk, akkalasamisk,  
kildinsamsisk, tersamisk 
Brukartal: Mellom 20.000 og 30.000 
Helsing på samisk: Buorre beaivi («God dag» på nordsamisk)


  
FLEIRE SAMISKE SPRÅK 

Samane er urfolket på Nordkalotten, og bruken av samisk er spreidd på tvers av landegrensene mellom Noreg, Sverige, Finland og Russland. I dag finst det om lag 100.000 samar, og 30 % snakkar samisk, og 10 % bruker skriftspråket. Samisk er særs ulikt dei skandinaviske språka, sidan det høyrer til den finsk-urgiske språkfamilien i likskap med ungarsk og finsk. Som på finsk legg ein trykket på første stavinga i ordet. Det er så store forskjellar mellom dei samiske dialektene at dei bliver delte inn i heile ti forskjellige samiske språkgrupper. Forskjellane kan vere like store som mellom norsk og islandsk.


Nordsamisk er det største språket, og det er brukt av dei fleste samane som bur i Noreg. Dei ti samiske språka kan delast i endå to grupper: vestsamisk og austsamisk. Nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, pitesamisk og umesamisk er vestsamiske, mens enaresamisk, skoltesamisk, akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk er austsamiske. Kildinsamisk bruker i likskap med russisk det kyrilliske alfabetet, mens dei andre samiske språka tek utgangspunkt i det latinske alfabetet – nett som dei andre nordiske språka. I tillegg blir desse bokstavane brukte i dei ulike språka:


• sørsamisk: Ïï 
• lulesamisk: Áá Ŋŋ 
• nordsamisk: Áá Čč Đđ Ŋŋ Šš Ŧŧ Žž 
• enaresamisk: Áá Ââ Ää Čč Đđ Šš Žž 
• skoltesamisk: Áá Ââ Čč Ʒʒ Ǯǯ Đđ Ǧǧ Ǥǥ Ǩǩ Ŋŋ Õõ Šš Žž Åå Ää

 


SJÅ FILM OM SAMISK:  

(Takk til: Galdu – Kompetansesenteret for urfolks rettar, som i dag er del av Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar) 


  
EIT RIKT NATURSPRÅK 

Samane er altså opphavleg eit urfolk, og språket vitnar om eit tett forhold til naturen. Samisk består i stor grad av ord og uttrykk som skildrar natur og dyreliv, noko som har vore nyttig for samane i samband med jakt og fangst. Til dømes har samane over 300 ord for snø og is. 


Dei samiske språkgruppene har verken grammatiske kjønn eller bestemt og ubestemt artikkel, men er derimot verbale språk som er spesielt opptekne av rørsle. Det betyr at ein ved å leggje til endingar på verbet endrar både betydninga til ordet og kan presisere kva ein vil formidle. Ta for eksempel utgangspunkt i «njuikut» som betyr «å hoppe». Endrar ein det til «njuiket», betyr det «å hoppe berre éin gong». «Njuikkodit» betyr derimot «å hoppe kontinuerleg». Skal ein presisere at det berre er eit lite hopp, bruker ein «njuikestit». Er hoppinga varig og med fleire hopp over avgrensa tid, heiter det «njuikkodit».


  
EIN KAMP FOR Å TA VARE PÅ SPRÅKET 

Dei samiske språka har hatt tøffe kår. Særleg i Noreg, der brorparten av samane bur, har myndigheitene motarbeidd utviklinga og vedlikehaldet av samisk. Det at samisk frå ein politisk ståstad har vore underlagd norsk språk, har i særs stor grad svekt språket. Eit resultat av dette er at mange av dei samiske språka er døyande og blir rekna med i kategorien «alvorleg trua språk».


Det må til stor innsats for å halde eit minoritetsspråk levande blant majoritetsspråket. I dag blir det aktivt arbeidd for å behalde og styrkje dei samiske språka. Blant anna blir det ført ein puristisk samisk språkpolitikk. Det betyr at ein i likskap med islandsk forsøkjer å produsere og innarbeide nye samiske ord og uttrykk framfor å ta inn utanlandske eller majoritetsspråklege lånord i språket. Samisk har i dag ein sterkare posisjon gjennom lover og ordningar som skal ta vare på språket. I kommunar der samisk er offisielt språk, kan ein krevje undervisning i samisk og forvente at samisk kan nyttast i kommunikasjon med det offentlege.

Bilete

standard_Sami_flag.svg.png