Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Om svensk

Språk: Svensk
Talet på brukarar: ca. 10 millionar
Eksportord: ombodsmann, smørgåsbord og gløgg

 

Nordens største språk

Rundt ti millionar menneske snakkar svensk, og det gjer svensk til det største språket i Norden. Det språket ein brukar å kalle rikssvensk, byggjer på dialekten som blei talt i Midt-Sverige på 1800-talet. Dialekten har spreidd seg utover heile landet, sjølv om dei lokale dialektane framleis er i bruk. Skånsk og gotlandsk er to døme på lett gjenkjennelege svenske dialektar. Skånsk er lett å identifisere med sin skarre-r, medan gotlandsk er kjend for vokalkombinasjonane, såkalla diftongar (det heiter til dømes haust i staden for höst og stain i staden for sten og houis i staden for hus).

 

 

Sjå film om svensk

 

Trehundretusen snakkar svensk i Finland

Svensk er eit stort minoritetsspråk i Finland. Difor har Finland to offisielle språk - finsk og svensk. Alle finske barn må lære svensk i minst tre år på skulen. På Åland står det svenske språket så sterkt at ålendingane ikkje lærer finsk i det heile. For mange ålendingar er det difor naturleg å flytta til Sverige etter vidaregåande skule.


For mange nordbuarar er den svenske dialekten som blir snakka i Finland - finlandssvensk - lettare å forstå enn det svenske språket som blir snakka i Sverige. Grunnen kan vera at uttalen i finlandssvensk ligg nærare skriftspråket. Ein må likevel vera klar over at det er mange ord som betyr noko heilt anna i finlandssvensk enn i rikssvensk. Noko som er råddigt i finlandssvensk vil ein svensktalande omtalt som stökigt (bråkete), ei semla er eit smørbrød (smörgås), ein aula er ein entré snarare enn ein samlingssal, og å kila er å pressa seg framom.

 


Korleis forstå svensk?

Når svenskar snakkar, har dei ein tendens til å stryka bokstavar og dra saman ord. Vasaru? skal oppfattast som Vad sa du? (kva sa du?). Vaffschkaduntegåmä? betyr Varför ska du inte gå med? (kvifor blir du ikkje med?). For eit utrena øyre kan det vera vanskeleg å oppfatta.


Det finst ein del stumme bokstavar i svensk, som til dømes den første konsonanten i ord som 
hjälpdjup og ljum. G blir ofte uttalt med ein j-lyd, særleg  framfor mjuk vokal. Lytt til orda ved å klikke på dei. Sje-lyden har ikkje nokon eigen bokstav, men blir skriven med fleire ulike konsonantkombinasjonar om lag som på norsk slik som sk-, sj, stj og skj. Samanlikn gjerne  lydane i orda skinkasjuttiostjärna og skjuta.

 

Den svenske stilen er ofte så uformell at andre kan oppfatte språket som fullt av slang og sjargong. Skriftspråket er relativt kvardagsleg, sjølv i dei mest høgtidelege samanhengane. Helsinga hej fungerer overalt, og ord som killetjejfralla og fika er heilt akseptable, sjølv i skriftspråket.

 


Samanlikne språka

Denne teksten er omsett til alle dei nordiske språka. Finn ut kva som er likt og kva som er ulikt ved å klikke på dei ulike sidene om språka. Her er den svenske versjonen:

 

Svenskar, norrmän och danskar förstår varandra ganska bra. De har större problem med isländska, trots att isländskan liknar det skandinaviska språk som talades för tusen år sedan. Isländskans närmaste släkting är färöiskan, men språken är inte så lika att en islänning förstår en färing utan problem.


Finskan påminner om estniskan, men det finns också likheter med de samiska språken. I både finska och samiska kan man till exempel skapa långa ord genom att lägga böjningsändelser till ordstammen.
Men när det gäller långa ord är grönländskan i en klass för sig. Där andra språk behöver en hel mening räcker det ibland med ett enda grönländskt ord.

 
Det er mange ting du kan legge merke til her. Her er nokre døme:

 

Den svenske teksten har mange a-ar, heile 44! I den danske og den norske bokmålsversjonen er det berre 27. Årsaka til skilnadane er dels at fleirtalsendinga i substantiv ofte er -ar (som i svenskar og danskar), dels at adjektivforma i fleirtal blir avslutta med -a (det heiter långa ord og samiska språk) og dels korleis verba blir bøygde, for eksempel -a (infinitiv, for eksempel lägga), -ar (presens, for eksempel liknar) og -ade (preteritum, for eksempel talade).

 

Ein annan skilnad er bruken av x i svensk der norsk og dansk vanlegvis bruker stavemåten -ks-.

 

Det er mange og lange konsonantkombinasjonar i svensk, for eksempel ordstam - i grønlandsk kan ein ha opptil seks konsonantar etter kvarandre. Så lange konsonantkombinasjonar er uvanlege i mange språk, og særleg i finsk (sjå nærare på det finske dømet).

 

Kva meir ser du?

Bilete

Svensk_flagg_1815.png