Text
Video
Spel och lekar
Tävling
Ljudinspelning
Uppgift
Facklitteratur
Lärarvägledning

Glömt lösenordet?

 

Inlärningsmål

{{learningObjectiv.description}}

Uppgiften har delats ut

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Uppgifter

{{assignment.Comment}}

Nordiske forteljingar (lærarrettleiing)

INTRODUKSJON

 

Temaet Nordiske forteljingar rettar søkjelyset på nordiske folkeeventyr – fortalde frå generasjon til generasjon. Den munnleg overleverte forteljinga blei særleg på 1800–talet samla inn og skriven ned i ulik grad i heile Norden. Døme på store innsamlarar av folkeeventyr er Evald Tang Kristensen i Danmark, Asbjørnsen og Moe i Noreg og Elias Lönnrot i Finland. Du kjenner kanskje til folkeeventyr som «Askeladden som kappåt med trollet» eller «Kalevala»? I temaet Nordiske forteljingar kan du lese, lytte og sjå døme på spennande nordiske eventyr.

 

 

FORMÅL

Formålet med temaet Nordiske forteljingar er å bevisstgjere og levandegjere den nordiske forteljetradisjonen og styrkje elevane si forståing for forteljekunst. Temaet tek i hovudsak for seg folkeeventyr frå Danmark, Sverige og Noreg. Kulturelt ligg eventyra tett opp mot kvarandre, noko som gjer det interessant å tenkje over korleis Norden såg ut i folkeeventyra si stordomstid. I temaet møter elevane nabospråka i både skriven og talt form. Alle tekstane er lesne opp på originalspråket med tilhøyrande tekst på dansk, svensk, bokmål og grønlandsk. Temaet vil i sin heilskap bidra til å styrkje nabospråksforståinga til elevane og utvide den nordiske kulturforståinga deira.

 

 

OPPBYGGINGA AV TEMAET

Nordiske forteljingar inneheld åtte folkeeventyr og ein samisk animasjonsfilm. Ein treng ikkje å arbeide med alt materialet i temaet. Norden i Skolen foreslår tre ulike opplegg: Fire ulike forteljingarAsbjørnsen og Moe og Pølsen på næsen. Du kan som lærar velje eitt av opplegga eller velje fritt mellom materiala i temaet, alt etter kva som er mest relevant for klassen din.

 

 

Opplegg 1: «Fire ulike forteljingar»

  • Vel det svenske eventyret «Kung Lindorm och kung Trana», det danske eventyret «Padden» og det norske eventyret «Lurvehette», og den samiske animasjonsfilmen «Den magiske tid». Opplegget ser nærmare på forteljingar frå fire ulike område, som gjer det lett å leite etter fellestrekk i forteljetradisjon og innhald.

 

Opplegg 2: «Asbjørnsen og Moe»

  • Vel dei norske eventyra «Den syvende far i huset», «Lurvehette» og «Herremannsbruden». Alle eventyra er samla inn av Asbjørnsen og Moe, som har hatt stor påverknad på utviklinga av det norske språket. Dei la vinn på å ha eit enkelt språk, men bevarte den opphavlege forteljestilen. Asbjørnsen og Moe er ikoniske for Noreg, og det gir ei konkret norsk kulturell læring å arbeide med dei som personar.

 

Opplegg 3: «Pølsen på næsen»

  • Vel Charles Perraults eventyr «Pølsen på næsen eller de tre ønsker». Eventyret ligg i fire versjonar: ein hovudversjon med dansk tekst og opplesing, og tre videoklipp med gjenforteljing på dansk, norsk og svensk av tre ungdommar frå dei tre skandinaviske landa. Det ligg ikkje oppgåver til desse fire, men dei kan likevel med fordel nyttast til å lytte til språklege variasjonar og få ei lydleg nabospråksoppleving.

 

 

OPPGÅVER OG LYDORDBOK

Alle enkeltmateriale har éin oppgåvetype knytt til seg, som legge opp til både sjølvstendig arbeid og gruppearbeid. Oppgåvene tek for seg både språk, kultur og tradisjonelle analyseoppgåver.

 

I tekstane ligg det ei integrert lydordbok, som elevane kan nytte til hjelp. Ved å trykkje på orda som er oransje, opnar det seg ein boks der ein kan høyre orda og sjå omsetjinga på bokmål, dansk, nynorsk og svensk.

Logga in för att se mer

Utgivare: Norden i Skolen

Pedagogiska konsulenter : Stefan Åge Hardonk Nielsen

Utgivet: 2018