{{learningObjectiv.description}}
{{assignment.Comment}}
- Æsj, seier Karen då ho kjem inn på naturfagrommet,
- det er ei rotte på kateteret.
- Slapp av, seier læraren, - ho er i bur.
- Eg synest ho er ganske søt, eg, seier Emma og går
heilt inntil. - Synest ikkje du også, Peter?
- Eg har ikkje noko forhold til rotter, seier Peter.
- I somme land bruker dei rotter til mat, seier Martin.
- Kvalmt, seier Karen, - eg ville aldri ha ete rotter.
- Om du ikkje hadde annan mat, ville du no ete, seier
læraren. - Men denne gongen skal vi berre gjere eit
eksperiment.
- Kva skal vi finne ut? Om noko rører seg oppe i
skolten til rotta?
- Sjå om ho greier å gå utan føter, kanskje, seier eg.
- Nei nei nei, seier læraren og stryk seg over skallen.
- Å ete ei rotte kan også vere eit eksperiment, seier
Martin.
- Ein kan ikkje behandle rotter på kva måte ein vil,
seier Emma.
- Så så, seier læraren.
- Der er nok rotter i verda, seier Martin. - I fjor måtte
vi ha ein oppryddingsaksjon då vi kom på hytta.
- Skal vi drepe rotta? seier Emma og held handa for munnen.
- Hysj! seier læraren og ber dei roe seg. - Hugs, det er berre eit eksperiment. Det står i læreplanen at vi skal ha nokre eksperiment i naturfag.
- Går det an å lage pels av rotteskinn? Om ein samlar nok rotter? seier Martin.
- Høyr her, seier læraren.
- Eg nektar, seier Åsa. - Det er umenneskeleg å behandle rotter slik.
- Det er berre ei rotte, seier Peter.
- Uansett, seier Åsa. - Det er eit levande vesen. Ein skal ikkje plage dyr.
- Dyr har også kjensler. Akkurat som menneske, seier Emma.
- Pisspreik, seier Martin.
- Må vi gjere det eksperimentet? seier Peter. - Kva går det eigentleg ut på?
- Eg nektar, seier Åsa. - Eg nektar, og eg seier frå. Det er mi plikt. Det er ikkje rett. Det er uetisk.
- Eg støttar Åsa.
- Vel..., seier læraren.
- Vi er mot dyreplageri.
- Eg er ikkje samd i at det er dyreplageri.
- Sjølvsagt er det dyreplageri!
- OK, seier læraren. - Eg gir meg for overmakta. Slik er det i naturen, den svakaste må alltid gi seg, den sterkaste har alltid rett. Det er slik naturen er.
Læraren ler tørt. - Så lærte vi i alle fall litt, legg han til. Han set buret under kateteret.
- Er det ei normal rotte? spør Peter.
- Eg trur det, seier læraren og tørkar sveitten av panna.
- Skal vi ikkje sleppe rotta fri? Ei fri rotte i
klasserommet? seier Martin.
- Aldri i livet! hyler Karen. - Ho høyrer ikkje heime her!
Martin ler.
- Det er ikkje noko å le av, seier læraren. - Det er slik det er. Overleving. I naturen handlar alt om å overleve. Når eit menneske eller eit dyr blir liggjande nokre timars t.d. i vatn, byrjar dei andre å ete av kjøtet, smådyra, fiskane, insekta.
- Aldri i livet om eg nokon gong et fisk meir, seier eg og grøssar.
- Fisk er sunt, seier læraren.
- Eg spyr! seier Peter. - Frisk luft!
- Det må du nok vente med seier læraren og flyttar på noko naturfagsutstyr. - Kan de vere rolege?