Fredrik Harstad
{{learningObjectiv.description}}
{{assignment.Comment}}
Dette temaet handlar om å gi elevane eit overblikk over utviklinga til dei nordiske språka, og ei forståing av skilnadar mellom nabospråka svensk, dansk og norsk. Nedanfor er eit forslag til korleis ein kan legge opp ei øving på 90 minutt, der ein først byrjar å snakke om dei indoeuropeiske språka sine slektstre, før ein fokuserer nærare på forholdet mellom historiene til dei nordiske språka. Øvinga blir innleia med ein introduksjon frå læraren, før elevane i den første øvingsaktiviteten forsøker å formulere reglar for ting som skil nabospråka frå kvarandre ved hjelp induktive og deduktive prosessar. I den andre øvingsaktiviteten er det munnlege ferdigheiter med fokus på lyden i nabospråka som blir trena.
Elevane les korte introduksjonstekstar om nabospråka på Norden i skolen. Du finn tekstane her: Om dansk, Om norsk - bokmål og nynorsk, Om svensk.
Læraren førebur ein presentasjon basert på den språkhistoriske tidslinja. Det kan gjerast rett på tavla, som slides eller direkte frå Norden i skolen-sida.
I tillegg førebur læraren aktivitetane «Finn skilnadar mellom nabospråk» og «Snakk nabospråk med Google».
Ca. 20 minutt: Lærarpresentasjon av språkslektstreet og den språkhistoriske tidslinja for dei nordiske språka (heile eller delar av den).
Ca. 40 minutt: Finn skilnadar mellom nabospråka
Ca. 30 minutt: Snakk nabospråk med Google