Text
Video
Spel och lekar
Tävling
Ljudinspelning
Uppgift
Facklitteratur
Lärarvägledning

Glömt lösenordet?

 

Inlärningsmål

{{learningObjectiv.description}}

Uppgiften har delats ut

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Uppgifter

{{assignment.Comment}}

Lærarrettleiing korte fiksjonsfilmar

Introduksjon

I dette temaforløpet blir elevane kjende med ei rekkje nordiske kort- og novellefilmar som handlar om milepælar i livet. Nokre lette å kjenne att, andre meir ukjende, som tilhøyrer barndom, ungdomsår og tidleg vaksen alder. Alt frå forelsking og møte med sin seksualitet, overgrep og ungdomsgraviditet, identitet og identitetsproblem, til ekteskapsproblem, kjærleiksssorg og sorg over dødsfall. Forløpet inneheld filmar frå dei fleste nordiske landa, og kan bli dett med undertekstar på alle nordiske språk. 

Formål

Tanken med forløpet er at elevane blir kjende med korte fiksjonsfilmar som sjanger, og dermed blir utstyrt med verkty for å gjere «tekstliknande» observasjonar i filmar og bruke filmatiske verkemiddel for å utarbeide gode analysar. Temaplanen foreslår at du som lærar involverer deg og presenterer dei teoriane om fiksjonsfilmar, kortfilmformatet og filmatiske verkemiddel som er tilgjengeleg i skulen sine lærebøker for elevane.

Samtidig gir filmformatet elevane moglegheita til å bli kjende med dei andre nordiske språka i tale og tekst. Kortfilmformatet tillèt for eksempel å sjå den same filmen først med tale og tekst på originalspråket, og deretter med tekst på elevane sitt morsmål. Det vil vere openbert når ein jobbar med filmar på elevane sitt nabospråk å la dei gå i djupna med transkribert tekst eller bruke elevane si lytting under filmen som utgangspunkt for å snakke om skilnadar og likskapar mellom språka i klassen. 

Temaets oppbygning

Temaforløpet, som er skildra nedanfor, inneheld åtte modular. Den første modulen fungerer som ein induktiv introduksjon til kortfilmomgrepet, der elevane basert på dei tre utvalde kortfilmane sjølv prøver å identifisere fellestrekk og set ord på desse. Deretter kjem to modular som fokuserer på ulike aspekt ved filmanalyse. Vidare kjem tre modular der elevane kan øve på kjennskap til filmatiske verkemiddel og utforske dei filmatiske verkemidla si rolle i analysen av dei tre kortfilmane. Til slutt følgjer ein modul som diskuterer bruk av ei blanding av fiksjon og fakta i kortfilmane. Forløpet blir avslutta med at elevane produserer ein podcast, der dei gruppevis diskuterer ein sjølvvald kortfilm. Alle kortfilmane har tilhøyrande oppgåver som kan inngå i modulane, men som ikkje nødvendigvis (f.eks i første modul) er inkludert i temaplanen nedanfor. Dette gir moglegheit for at du kan endre fokus eller jobbe sjølvstendig med enkelte filmar dersom det er ønskjeleg.

 

PDF Temaplan

Logga in för att se mer

Utgivare: Norden i Skolen

Utgivet: 2021

Pedagogiska konsulenter : Anne Sofie Skemt Hjuler