Text
Video
Spel och lekar
Tävling
Ljudinspelning
Uppgift
Facklitteratur
Lärarvägledning

Glömt lösenordet?

 

Inlärningsmål

{{learningObjectiv.description}}

Uppgiften har delats ut

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Uppgifter

{{assignment.Comment}}

Nyare nordisk realisme (lærarrettleiing)

Introduksjon

Dette undervisningsmaterialet utgjer ei innføring i realisme som tradisjon i nordisk litteratur med utgangspunkt i det moderne gjennombrot. Mesteparten av undervisningsmaterialet har fokus på litteratur frå dei siste tiåra, men heile tida med moglegheit for å trekkje parallellar tilbake til den realistiske litteraturen i det moderne gjennombrotet og Georg Brande sin credo om at litteratur skal sette problem under debatt for å vere levande. Tanken er at elevane i det nyare  tekstkorpus har moglegheit til å diskutere og 'spegle' den nasjonale litteraturen i andre nordiske verk, samtidig som at ein gjennom temaet trenar leseferdigheit på nabospråk. Dersom tida tillet det, vil det vere opplagt å gå meir i djupna på eit enkelt verk og lese ein heil roman som verklesing. Ein kan også avslutte med at elevane les eit sjølvvalt nordisk, realistisk verk. Første delen av temaet om realismetradisjonen kan enten byggast ut, dersom feltet ikkje allereie er dekt i undervisninga, eller det kan utelatast eller kort oppsummerast før ein  før ein går vidare til den nyare litteratur.

 

Formål:

Formålet med undervisningsmaterialet er å gi innsikt i realismen som litterær tradisjon og sjå nærare på korleis han har forma og utvikla seg i nordisk litteratur dei siste tiåra. Deretter er formålet med tekstutdraga å gi elevane eit grunnlag for å samanlikne ulike verkelegheitsframstillingar på tvers av dei nordiske landa. Vidare gir tekstmaterialet høve til å undersøke kva verkelegheiter det blir fortalt om. Det nyare tekstmaterialet er vald ut for å gi eit innblikk i ulike nordiske verkelegheiter, og det er vald lett tilgjengelege tekstar utan store formeksperiment. Romanutdraga har til felles at dei handlar om spørsmål om identitet når det gjeld biologisk, geografisk og sosialøkonomisk opphav, slik som forholdet mellom minoritetar og majoritetar, samt at ulike antydingar av løgner får ein sentral plass. Med andre ord er det litteratur som gir innblikk i erfaringar med det å vere innbyggjar i Norden i dag.

 

Oppbygging av temaet

Arbeidsmaterialet kan tilpassast etter ønskje, men ein foreslår eit grunnskjelett, der ein både introduserer elevane for det moderne gjennombrot og gir ei grundig innføring i nyare nordisk realisme. Det er knytt oppgåver til alle tekstar, som finst under den enkelte tekst, og ofte er det gitt forslag til skriveøvingar eller kreative oppgåver, som kan løysast dersom tid og prioriteringar tillet det.

Kolonnen "Innhald" skildrar det overordna temaet for modulen (markert med feit skrift) og ein omtrentleg plan for korleis ein gjennomfører modulen. Det er rekna med modular som varer i 90 minutt, men fleire av modulane kan, dersom eon ønskjer meir fordjuping, bli delte opp over to gongar. Kolonnen "Materiale" viser kva tekstar frå plattforma som skal brukast i temaet. Nokre gongar vil det bli gitt valfridom, slik som forslag til viader lesing. Kolonnen "Lekte" viser kva elevane skal lese heimanfrå.


Temaplan PDF

Logga in för att se mer

Utgivare: Norden i Skolen

Utgivet: 2021

Pedagogiska konsulenter : Anne Sofie Skemt Hjuler