DEN STORE NORDISKE JULECHALLENGEN
JULEKALENDER FRÅ NORDEN I SKULEN
Er ein fellesnordisk julekalender produsert for alle elevar på 5. til 7. trinn. Julekalenderen inneheld 24 kapittel av eit høyrespel, der ein som lyttar får høyre bornestemmar frå forskjellege nordiske land. Kvart kapittel er supplert med ei biletside, der vi har vald ut og animert ein ekte teikning laga av born frå heile Norden.
Du finn dessutan ei lærarrettleiing og eit hefte med oppgåver til alle dei 24 kapitla.
Ein klassisk julekalender har 24 delar, men de går sjølvsagt ikkje på skule heilt fram til julekvelden. Difor kan de lytte til meir enn eit kapittel per dag for å rekke gjennom heile julekalenderen. Det einaste kapittelet som er bunde til ein spesiell dag, er kapittel 13 på Luciadagen den 13. desember
HISTORIA
Hundre tilfeldig utvalde born har fått sitt livs sjanse. Dei er nemleg med i Den store nordiske julechallengen - eit real life-spel, der alle alle som gjennomfører får oppfyld det største ønsket sitt. Borna er samla frå alle dei nordiske landa og skal no reise rundt i Norden for å gjennomføre ti forskjellige utfordringar. Kvar utfordring tar utgangspunkt i ein lokal juletradisjon - og borna skal både vere modige og kreative i kampen mot fulle elgar, Lucia-flammer og finsk sauna. Det er dei nordiske juletradisjonane sitt svar på Squid Game og Battle Royale. Berre med born og ikkje fullt så mykje blod.