Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om vindenergi

Omvindenergi.jpg

Photo: Andreas Klinke Johannsen

 

Vindkreftene har blitt utnytta minst like lenge som vi har nytta segl på skip, ei historie som startar ved Nilen i det noverande Egypt, for nesten 5000 år sidan. Det skal òg ha blitt funne restar av vindmøller i Kina og Midtausten frå rundt år 0, der vindmøller blei nytta som vasspumper og vatningsanlegg.

Dei første vindmøllene i Europa blei bygde i løpet av det 12. hundreåret, og teknologien blei lynraskt teken i bruk mange stader. Vindmøllene i mellomalderen blei nytta til å male korn og pumpe vatn, og allereie rundt år 1300 fanst det fleire tusen vindmøller rundt omkring i Europa.

Når vi snakkar om vindmøller i dag, tenkjer dei fleste på vindmøller som produserer straum. Her i Norden byrja Danmark å satse på å utvikle vindkraft allereie på midten av 1970-talet, då den globale oljemangelen i samband med oljekrisa i 1973 sette fokus på behovet for å vere meir sjølvforsynt med straum.

Det finst ei rekkje ulike vindmøller, og spesielt på byrjinga av 80-talet blei mange typar prøvde ut. I dag er dei fleste vindmøller påfallande like. Tre kvite, store, lange og smale blad festa til ein turbin i toppen av mølla er det karakteristiske kjenneteiknet på vindmølla, nesten uansett kvar i Norden eller verda ein er.


Ein god stad for vindkraft

Norden er som skapt for vindmøller. Her finst lange kyststriper, og det blåser mykje – men sjeldan så mykje som orkan styrke. Danmark blei som nemnt allereie tidleg ein pioner i utviklinga av vindmøller, og det danske firmaet Vestas er i dag ein av dei største vindmølleprodusentane i verda. I Danmark finst det meir enn 5000 vindmøller, og desse dekkjer opptil ein tredjedel av straumforbruket i landet. Det er nesten dobbelt så mange som i heile resten av Norden tilsaman. Talet på vindmøller seier likevel ikkje nødvendigvis så mykje om kor mykje straum som blir produsert ved hjelp av vinden. Nyare vindmøller produserer nemleg meir straum per mølle enn eldre møller gjer. Det betyr faktisk at Sverige – som ligg på andreplass i Norden når det gjeld vindmøller – i 2014 vil gå forbi Danmark som det nordiske landet som produserer mest straum ved hjelp av vindmøller.


Kva er vindkraft?

Vindenergi er eit uttrykk for den kinetiske energien vinden inneheld. Kinetisk energi blir òg kalla for rørslesenergi. Når det blåser, rører lufta på seg og pressar mot mølleblada. Desse blada er utforma slik at vinden blir leidd i ei bestemd retning rundt bladet, slik at møllebladet blir dytta i ei bestemd retning. Bladet bremsar på den måten vinden litt, og bremseenergien blir gjord om til rørsle – som når du pustar på eit lauv. Blada på mølla er festa i noko som heiter eit nav. Mølleblada og navet utgjer saman rotoren. Når vinden blåser, roterer rotoren, og vinden blir gjord om til mekanisk energi. Inne i vindmøllehuset blir den mekaniske energien gjord om til elektrisk energi, som så blir send ut i straumnettet.


Kvar kjem vinden frå?

Vinden blåser fordi lufta har ulike temperaturar på ulike stader på jorda. Det er sola som sørgjer for temperaturskilnadene. Sol lagar altså vind. Varm luft er lettare enn kald luft. Derfor stig kald luft oppover. Dermed blir det danna eit undertrykk nede på jordoverflata. Dette blir òg kalla for lågtrykk.

Til gjengjeld oppstår det eit overtrykk der lufta fell ned til jorda igjen. Dette blir òg kalla eit høgtrykk. Lågtrykket syg luft til seg frå områda i nærleiken der trykket er høgare. Slik oppstår vind. Vindstyrken avheng av:
•    kor stor skilnad det er på lågtrykket og høgtrykket
•    kor stor avstand det er mellom lågtrykket og høgtrykket 

Jordrotasjonen får jamvel vindane til å snu – til høgre på den nordlege halvkula og til venstre på den sørlege halvkula. Derfor snurrar vinden rundt eit lågtrykk – mot klokka på vår halvkule.

Logg inn for å lesa meir

Illustratør/Foto: Andreas Klinke Johannsen

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

       

      Korleis fungerer ei vindmølle? Teikn ei vindmølle og beskriv korleis ho verkar.

    • 2Temaoppgåve

       

      Kva er fordelane og ulempene ved vindmøller? Lag to grupper og diskuter i klassen.

    • 3Temaoppgåve

       

      Korleis oppstår vind? Beskriv og teikn korleis vind oppstår ved hjelp av varme og kulde og ved at jorda roterer. Er det skilnader på vêr avhengig av kvar vinden kjem frå? Korleis kan det ha seg?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

       

      Blåser det mykje der skolen dykkar er? Ta eit bilete av vinden. Går det an? Send bildet til vennskapsklassen dykkar og lag ein tekst der de fortel om det.

    • 2Vennskapsklasse

       

      Skriv ei forteljing som heiter «Dagen eg blåste vekk». Kvar blåste du til? Kva skjedde der? Send historia til vennskapsklassen dykkar. Om de vil, kan det vere kjekt å lese ho høgt og sende lydfila til vennskapsklassen. Då kan de høyre korleis ein snakkar i vennskapsklassen.

    • 3Vennskapsklasse

       

      Finst det ordtak om vêr og vind der du bur? Det finst til dømes eit ordtak som heiter «Ein skal vende kappa med vinden». Kva betyr det? Finn ordtak om vêr og vind og send dei til vennskapsklassen. Er det nokon de ikkje kunne frå før?