Foreiningane Nordens Forbund (FNF) legg til rette for samarbeidet mellom Foreiningane Norden i dei fem nordiske landa og i dei tre sjølvstyrte områda. Dei nasjonale Foreiningane Norden arbeider for å auka det nordiske samarbeidet innanfor:
- Arbeids- og næringsliv
- Kultur
- Utdanning
- Miljø
- Massemedier
FNF har i oppgåve å samordna og stø dette arbeidet.
Kjennskap, vennskap og samarbeid
Med kjennskap, vennskap og samarbeid skal Norden utviklast ein region med mange moglegheiter.
Målet for FNF er å spreia kjennskap til dei andre nordiske landas språk, kultur, historie og samfunnsliv. Vi tek initiativ for å auka det folkelege samarbeidet i Norden og Europa.