Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Neste skolechat

22. april 2021

Konsept: Temachatten

I konseptet 'Temachatten' får elevane moglegheit til å snakke om eit førehandsbestemt og aktuelt tema saman med andre elevar frå nabolanda sine. Under chatten vil tilfeldige spørsmål eller diskusjonsemner dukke opp slik at alle deltakarane ser dei. Spørsmål kan f.eks. vere «Kvar bur julenissen?» (Temachatten 'Jul') eller «Kva synest du om aksjonen «Skulestreik for klimaet» som Greta Thunberg var initiativtakar til?» (Temachatten 'Klima').

 

Spørsmåla varierer etter tema og mål. I nokre temachattar set spørsmåla spesielt fokus på temaspesifikke og faglege diskusjonar, medan i andre tilfelle opnar spørsmåla snarare opp for eit lærerikt språkmøte mellom dansk, svensk og norsk i ein nordisk kulturell kontekst.

 

Aktuelle tema kan finnast på påmeldingssida og på høgre side under 'Relaterte sider'.

 

 

Slik fungerer det:

I Temachatten kan elevane delta individuelt eller i grupper på 2-3 personar.

  • Til ein del av chattane finnast det valfrie førebuingsaktivitetar som kan gjennomførast før ein set i gang med temachatten.
  • Chatten startar når det første spørsmålet blir vist på skjermen. Frå dette tidspunktet har ein fem minutt på seg til å snakke saman før turen held fram og ein møter neste person.
  • Når ein er ferdig med eit spørsmål og vil gå vidare, klikkar ein berre heilt enkelt vidare til neste spørsmål.
  • Kommunikasjon på nettet kan vere utfordrande fordi ein ikkje sit saman – og fordi chatten går føre seg på dansk, svensk og norsk. Ver difor ekstra merksam på å vere vennleg, open og imøtekomande, slik at alle får ei god oppleving.

Bilete

ipad skolechat.jpg