Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Vennskap i koronatider

Dengang Danmark Lukkede Ned (1).jpg (1)

Visste du at i Finland blir valentinsdagen kalla for Vennedagen? Korona har påverka liva våre og ikkje minst relasjonane våre på mange vis. Kva skjer med vennskap når skular stengjer, vi må halde avstand og relasjonar blir sett på pause? I denne skulechatten får elevane sette den vanskelege koronasituasjonen i eit felles perspektiv over lande- og språkgrensene.

 

Vi kan stolt presentere at vi har fått moglegheita til å vise filmen "Dengang Danmark lukkede ned" (2020) som følgjer fleire skuleborn under nedstenginga i Danmark våren 2020. Filmen er eit unikt stykke samtidshistorie der over 400 born i alderen 5-14 år har vore med og delt sine historier. Filmen har blitt nominert til Robert-prisen i kategorien årets kortfilmdokumentar. Sjå han, eller delar av han, med klassa før chatten i februar. Kva kjenner elevane dine seg att i og kva har vore annleis for dei?

 

Ingen plass i tidsplanen din? Ingen fare! Det går like bra å delta i chatten utan å ha sett filmen og sjølvsagt går det an å vere med sjølv om undervisninga skjer på lang avstand.

 


Kva? Nordisk skolechat
Kven? 5.-7. klasse og 8.- 10. klasse
Når? 11 og 12 februar 12:00-13:00 (CET).

 


Du kan melde klassa på her.
Du finn filmen her.
Meir om det praktiske og konseptet temachat kan de lese her.