Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Lærarrettleiing

Nordiske språk - kvifor det?

I læreplanane for norskfaget står det at du skal læra deg å forstå, lesa og lytta til tekstar på nabospråka. Kvifor det? Det er mange gode grunnar til det, og her er nokre av dei:

 

undefined

 

                        1                                     

Svensk, norsk og dansk er svært like språk. Kan du eit av språka, treng du ikkje streva særleg mykje før du forstår dei andre. Det er nok å øva nokre timar. Samanlikn det med kor vanskeleg det er å læra seg andre språk. Engelsk, fransk, spansk … det tek fleire år med språkstudier før du kan gjera deg forstått.

2

Ideen om det nordiske språkfellesskapet går ut på at du snakkar morsmålet ditt samtidig som du forstår andre nordbuar som også snakkar sitt morsmål. Du treng altså ikkje læra deg å snakka andre skandinaviske språk. Det er nok at du lærer deg å forstå dei. Alle menneske uttrykkjer seg meir nyansert på morsmålet sitt enn på eit språk som dei har lært seg seinare i livet.

 

3

Det er over tjue millionar menneske som snakkar og forstår eit skandinavisk språk. Truleg kjem du til å reisa, studera eller arbeida i eit anna nordisk land i framtida. Då treng du det nordiske språkfellesskapet. Å forstå andre skandinaviske språk er ei opning mot omverda.

 

4

Norden er nærområdet vårt, heimearenaen vår. Det utvidar oppfatninga vår av verda om vi får meir kunnskap om dei næraste naboane våre. Språket er ein viktig nøkkel til denne kunnskapen. Det skader heller ikkje om du også intresserer deg for andre språk i Norden, slike som finsk, islandsk, færøysk, grønlandsk og samisk. Du treng kanskje ikkje læra deg desse språka, men du kan læra litt om dei!

 

Forfattar: Fredrik Harstad

Utgjevingsår: 2012

Illustratør/Foto: Norden i Skolen