Har du eit nordisk samarbeid du vil ta til neste nivå? Nedanfor finn du fleire aktørar som kan tilby støtte til ditt draumeprosjekt. Det finst støttemoglegheiter for søkjarar i dei åtte nordiske landa og dei sjølvstyrte områda Danmark, Island, Finland, Færøyane, Grønland, Norge, Sverige og Åland, om ikkje anna er spesifisert. Husk at fleire fond har avgrensa søkemoglegheiter og lange behandlingstider, så det er lurt å vere ute i god tid innan tiltenkt prosjektstart.
Nordplus
Nordplus gir økonomisk støtte til ulike typar utdanningssamarbeid fordelt på fem delprogram. Nordplus tek også imot søkjarar frå Baltikum.
Nordplus Nordic Languages
Programmet skal styrke språkforståinga i Norden og stimulere interesse for, kunnskap om og forståinga av nordiske kulturar, språk og levevilkår. Målgruppa er alle aktørar som jobbar innan det nordiske språkområdet, slik som: universitet og forskingsinstitusjonar, organisasjonar, foreiningar, verksemder, ikkje-statlege organisasjonar og andre uformelle læringsarenaer, nettverk og private verksemder.
Nordplus Junior
Gjennom Nordplus Junior er det mogleg å søkje midlar for samarbeid med skular i dei nordiske og baltiske landa, slik som prosjektsamarbeid, elev- og lærarutvikling, samt elevpraksis. Ein kan også søkje midlar for førebuande besøk for å diskutere og utarbeide prosjektplanar saman med interesserte framtidspartnarar.
Nordplus Higher Learning
Nordplus Høgare Utdanning er eit mobilitets- og nettverksprogram på bachelor- og masternivå i høgskulen. Målet med programmet er å opprette eit samarbeid mellom institusjonane som deltek i programmet gjennom utveksling, erfaring, god praksis og innovative resultat.
Nordplus Adult
Nordplus Vaksen er for vaksenopplærings- og folkeopplysningsområdet, med støtte i transnasjonale mobilitet- og prosjektsamarbeid. Prosjekta innan Nordplus Vaksen skal bidra til nyskaping og utvikling innanfor sektoren, og alle delar av vaksenopplærings- og folkeopplysningsområdet er omfatta av programmet, både allmenn og forretningsmessig vaksenutdanning, og også formell og uformell vaksenopplæring.
Nordplus Horizontal
Programmet støttar innovative prosjekt på tvers av tradisjonelle kategoriar og sektorar. Programmet opnar for deltaking frå alle aktørar som kan samarbeide om utvikling av utdanning med eit perspektiv om livslang læring.
Nordisk kulturfond
Fondet støttar prosjekt som har som mål å fornye kunst- og kulturliv i Norden. Ein treng ikkje å vere nordisk eller vere busett i Norden for å kunne søkje. Derimot treng prosjektet å ha ein nordisk relevans.
Nordisk kulturkontakt
Nordisk kulturkontakt administrerer fleire ulike støtteprogram. Nedanfor har vi lista opp dei som har relevans for skuleverksemd.
Nordisk kulturkontakt Volt
Volt er eit kultur- og språkprogram for barn og unge opptil 25 år. Programmet støttar prosjekt som vekkjer interesse for kunst, kultur og språk i andre nordiske land og område. Du kan søkje støtte frå Volt for prosjekt med fokus på barn og unge si eiga kulturelle og kunstnarlege skaping. Det kan bli gitt støtte til alle kunstområde, som film, litteratur, scenekunst og bildekunst, men også for eksempel kulturarv. Prosjektet må skje i samarbeid med aktørar i minst tre av dei åtte av dei åtte nordiske landa/sjølvstyrte områda. Søkjarane treng ikkje sjølve å tilhøyre målgruppa.
Nordisk kulturkontakt Norden 0-30
Er du 0-30 år eller representerer du ein organisasjon som jobbar med barn eller unge? Då kan du søkje støtte for prosjekt eller nettverk som består av kulturelle, politiske eller sosiale aktivitetar der barn og unge sjølve deltek aktivt i prosessen og har moglegheit til å påverke planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjektet. Norden 0-30 støttar prosjekt med deltakarar frå to eller fleire nordiske land. I prosjekt som består av deltakarar frå to nordiske land, må det eine vere Grønland, Island, Færøyane eller Åland. Minst tre deltakande land skal vere nordiske i dei prosjekta der tre eller fleire land deltek. Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Noreg, Sverige og Åland blir rekna som einskilde land i denne samanheng. I tillegg kan samarbeid med aktørar i Estland, Latvia og Litauen også inngå.
NAPA Kulturstøtteprogram
NAPA vil bidra til at barn og unge på Grønland opplever at dei har moglegheit til å realisere seg sjølve i eit mangfaldig fellesskap. Prosjektet skal aktivere og stimulere unge på Grønland til å ta aktiv del i kulturproduksjon og kulturformidling, vere berekraftige i eit miljømessig, sosialt og/eller konkurransedyktig perspektiv og fremje arktiske perspektiv i heile Norden. Der skal vere minimum éin grønlandsk partnar som samarbeider med minst éin nordisk partnar frå dei øvrige sju nordiske landa/sjølvstyrte områda.
Erasmus+
Gjennom Erasmus+ kan førskolar, skolar, høgskolar, yrkes- og vaksenopplæring, kommunar og ideelle organisasjonar søkje bidrag for å gjennomføre samarbeid og utveksling med organisasjonar i andre land.
Stiftelsen Clara Lachmanns fond
Stiftelsen Clara Lachmanns fond er ein skandinavisk stiftelse som har som hovudmål å fremje det skandinaviske samhaldet. Støtte blir tilbydd til gjennomføring av arrangement i Sverige, Norge, Island og Danmark, inkludert Grønland og Færøyane. Finland og Åland blir ikkje sett på som skandinaviske land ifølgje stiftelsen sine vedtekter. Stiftelsen gir støtte til blant anna studiereiser, symposium og kulturell verksemd.
Arctic Indigenous Fund
Fondet har som mål å støtte prosjekt eller organisasjonar som gagnar og blir leia av urfolk i Arktis, blant anna Sápmi og Grønland.
Svenska kulturfonden
Svenska kulturfonden si oppgåve er å støtte den svenske kulturen og opplæringa, det svenske språket og verksemd på svensk i Finland. Stipend og bidrag kan søkast av privatpersonar, arbeidsgrupper og organisasjonar i Finland.
Vestnordisk hovedstadsfond - Nuuk, Reykjavik, Tórshavn
Fondet sitt formål er å styrke forståinga og samarbeidet mellom politikarar og borgarar i Nuuk, Reykjavik og Torshavn og å gi økonomisk støtte til aktivitetar (for eksempel gjennom kultur, undervisning og sport) i samband med dette.
Svenska folkskolans vänner
SFV er ei foreining som fremjar informasjon på svensk i Finland og bidreg til eit mangfaldig og tolerant samarbeid der det finsk-svenske har ei sterk, sjølvsagd og positiv rolle. Einskilde personar, arbeidsgrupper og samanslutningar (for eksempel skolar eller organisasjonar) er velkomne til å søkje om bidrag.
Pohjola-Norden (Finland)
Foreininga tilbyr stipend til lærarar, studentar og skoleelevar i Finland for nordiske studiereiser og studiar i andre nordiske land. I tillegg til desse kan elevar og studentar bygge på sine Norden-kunnskapar på språk- og kulturkurs og konferansar for elevar.
Foreningen Norden (Noreg)
Klasser og elevgrupper ved skolar som er medlem av Foreningen Norden (Noreg) har moglegheit til å søkje om bidrag. Vi gir først og fremst støtte til prosjekt der formålet er elevutveksling med si nordiske vennskapsklasse. Enkeltståande lærarar og lærargrupper ved skolar som er medlem av Foreningen Norden har også moglegheit til å søkje bidrag til reiser, for planlegging av skolesamarbeid, lærarutveksling og studietur.
Foreningen Norden (Danmark)
Foreningen Norden (Danmark) administrerer eit mindre stipend til unge islendingar sitt opphald på éin av dei gratis kostskolane i Danmark. Det må vere éi av følgjande skoleformene: Folkehøgskole, handarbeidsskole, ungdomshøgskole eller etterskole.
Bilaterale kulturfond
Følgjande fond støttar kultursamarbeid mellom to av dei nordiske landa/områda. Ofte blir også skoleverksemd som skolereiser omfatta.
*Det finst på noverande tidspunkt ingen bilaterale kulturfond med mål om å styrke samarbeidet berre med Åland. Støtte for prosjekt der eine parten er ålandsk, kan i staden for søkast frå dei finske bilaterale fonda.
Kulturfonden for Finland og Danmark / Kulturfonden för Finland och Danmark / Suomalais-tanskalainen kulttuurirahasto
Kulturfonden for Finland og Danmark skal fremje kontakta og kulturutvekslinga mellom Danmark og Finland, samt auke den gjensidige kjennskapen mellom dei to landa. Fondet tilbyr økonomiske bidrag til enkeltpersonar, organisasjonar og foreiningar for ulike samfunns- og kulturprosjekt. Midlar blir gitt til samarbeid innanfor kunst og kultur, til vitskapeleg forsking (særleg innanfor humanoria og samfunnsvitskapane), til studiereiser for grupper av studentar og skoleelevar, samt til studiar av kulturelle, sosiale og økonomiske forhold i andre nordiske land.
Dansk-Færøsk Kulturfond
Formålet til fondet er «å fremje det åndelege sambandet mellom Færøyane og den øvrige delen av det danske rike». Det vil seie kulturformidling i brei forstand mellom Færøyane og Danmark innan riksfellesskapet. Det kan bli gitt støtte til formål innan teater, film, musikk og kunst, bokutgivingar, visse studiereiser m.m. Det blir ikkje gitt tilskot til nordisk kultursamarbeid, skolereiser, idrett samt utdanningsformål. Fondet styrer også "Dansk-Færøsk Samfunds studierejselegat", som gir støtte til studiereiser til Færøyane og Danmark for personar mellom 18 og 30 år.
Det Grønlandske Fond
Formålet til fondet er å gi støtte til grønlandske humanitære, vitskaplege og kulturelle formål i eller utanfor Grønland. Å gi støtte til fremjing av det kulturelle sambandet mellom Grønland og resten av det danske riket, blant anna ved støtte til reiser til og frå Grønland og tilskot til kulturelle og sosiale institusjonar og så vidare i Grønland og Danmark.
Fondet for Dansk-Islandsk Samarbejde
Fondet har som formål å bidra til auka forståing og samarbeid mellom Danmark og Island på kulturelle og andre område. Fondet vil blant anna kunne gi økonomisk støtte til verksemder som tek sikte på å vekke interesse for dansk arbeid og kultur på Island og for islandsk arbeid og kultur i Danmark, for eksempel arbeids- og studieopphald.
Dansk-Islandsk Fond
Fondet skal medverke til å styrke dei kulturelle og intellektuelle sambanda mellom Danmark og Island, arbeide for å fremje islandsk forsking og vitskap, samt gi støtte til islandske studentar ved danske universitet og høgare utdanningsinstitusjonar. Fondet støttar også studie- og forskingsopphald på Island, for eksempel i samband med utveksling og feltarbeid. I tillegg har fondet gitt støtte til ulike kulturelle prosjekt, som bokutgivingar, litteraturfestivalar, samt musikk- og teaterprosjekt.
Fondet for Dansk-Norsk samarbeid
Fondet for dansk-norsk samarbeid har som formål å arbeide for auka forståing og samarbeid mellom Danmark og Noreg på kulturelle og andre område. Fondet sine kjerneområde er kultur og utdanning. Fondet eig og driv Lysebu i Oslo og Schæffergården utanfor København. Plassane har som formål å ta imot fondet sine stipendiatar og danne ramme rundt fondet sine dansk-norske arrangement: kurs, seminar og konferansar, samt opne publikumsarrangement. Det blir satsa særleg på utdanninga av kunnskapsformidlarar (lærarar, journalistar, bibliotekarar). Ein stor del av undervisningsverksemda handlar om nabospråkforståing. Særleg omfattande er denne kursverksemda innanfor grunnutdanninga av lærarar.
Fondet for Dansk-Svensk Samarbejde
Fondet har som formål å bidra til auka forståing og samarbeid mellom Danmark og Sverige på kulturelle og andre område. For å fremje dette formålet vil fondet blant anna kunne gi støtte til arbeids- og studieopphald i Danmark og Sverige for danske eller svenske statsborgarar ved eitt av dei to universiteta i landa eller andre undervisningsinstitusjonar.
Kulturfonden Island-Finland / Islantilais-suomalainen kulttuurirahasto / The Icelandic-Finnish Cultural Foundation
Kulturfonden Island-Finland skal fremje kontakta og kulturutvekslinga mellom Finland og Island, samt auke den gjensidige kjennskapen mellom dei respektive landa. Bidrag blir gitt til samarbeid innan kunst og kultur, for vitskapeleg forsking (særleg innan humanoria og samfunnsvitskapar), til studiereiser for grupper av studentar og skoleelevar, samt til studiar av kulturelle, sosiale og økonomiske forhold i andre nordiske land. Fondet har også eiga verksemd. Fondet gir bidrag til einskildpersonar, organisasjonar og foreiningar.
Kulturfondet for Finland og Noreg / Suomalais-norjalaisen kulttuurirahasto
Kulturfondet for Finland og Noreg skal fremje kontakta og kulturutvekslinga mellom Finland og Noreg, samt auke den gjensidige kjennskapen mellom dei respektive landa. Fondet gir bidrag til einskildpersonar, organisasjonar og foreiningar for ulike samfunns- og kulturprosjekt. Bidrag blir gitt til samarbeid innan kunst og kultur, for vitskapeleg forsking (særleg innan humanoria og samfunnsvitskapar), til studiereiser for grupper av studentar og skoleelevar, samt til studiar av kulturelle, sosiale og økonomiske forhold i andre nordiske land.
Kulturfonden för Sverige och Finland / Suomalais-ruotsalainen kulttuurirahasto
Fondet gir bidrag til samarbeid mellom Sverige og Finland innan kultur-, samfunns- og næringsliv, som blant anna omfattar skoleverksemder som elevutveksling og studiebesøk. For nordiske og andre internasjonale aktivitetar, kan det også søkjast om støtte for å løfte fram ein svensk-finsk dimensjon og/eller gjere testa metodar og erfaringar tilgjengelege for bilateralt samarbeid.
Svensk-Isländska samarbetsfonden / Sænsk-íslenski samstarfssjóðurinn
Stiftelsen skal fremje svensk-islandsk samarbeid, gjensidig kulturutveksling, samt informasjon om svenske og islandske kultur- og samfunnsforhold. Fondet deler årleg ut reisestipend for bilateralt samarbeid mellom desse landa, først og fremst innan kultur-, utdannings- og forskingsområde.
Svensk-Norsk samarbeidsfond
Fondet sitt mål er å fremje svensk-norsk samarbeid. Styret har vedteke å ikkje dele ut generelle bidrag på det noverande tidspunkt, om ikkje oppgåva blir utført i samarbeid med andre svensk-norske og nordiske organisasjonar. Fondet organiserer blant anna språkkurs for lærarstudentar.
Norsk-islandsk kultursamarbeid / Norsks-íslensks menningarsamstarfs
Formålet med dei avsette midla er å bidra til eit mangfaldig kultursamarbeid mellom Noreg og Island. Norske og islandske kulturaktørar kan søkje støtte til samarbeidsprosjekt som bidreg til eit mangfaldig kultursamarbeid og gir varige kontaktar mellom kunstnarar, kulturarbeidarar og kulturinstitusjonar i dei to landa.
Svensk-danska kulturfonden
Fondet har som hovudmål å støtte kulturelt samarbeid mellom Sverige og Danmark, samt fremje auka kunnskap om vitskap, næringsliv, kultur og folk i begge landa. Fondet sitt bidrag skal også vere med på å skape kontaktar i desse områda. Omgrepet kultur omfattar kunstnarlege og litterære interesser. Støtte kan bli gitt til undervisning og utdanning.
Grønlandsfonden
Grønlandsfondet si rolle er å styrke sambanda mellom Grønland og Island. Fondet gir tilskot til utflukter, studieopphald, kunstutstillingar, sportsarrangement og andre kulturelle, utdanningsmessige og vitskapelege forhold som kan fremje større kommunikasjon mellom grønlendarar og islendingar.