MIN PLASS I NORDEN
DEL TANKANE DINE
Plassen der vi bur formar oss på mange måtar. Kanskje hadde livet vårt vore heilt annleis om vi hadde vekse opp ein annan plass. Vi vil få eit innblikk i tankane du har om plassen din, korleis det er å vere ung i dag og kva du tenkjer om framtida.
Delar av det innsamla materialet kjem til å utgjere ein del av publikasjonen Nordperspektiv.
Del tankane og opplevingane dine om livet og kvardagen på plassen der du bur, samt dine håp og idéar for framtida. Oppgåva di er å velje eit område under og skrive eit essay om emnet.
- Derfor er plassen der eg bur den mest unike i Norden
- Å vere ung i Norden i dag
- Det viktigaste for Norden i framtida
Gjer teksten din komplett med eit bilete frå plassen, opplevinga, kjensla eller framtidstanken. Når du lastar opp bidraget ditt, vel biletet som visningsbilete i opplastningsskjemaet.
Teksten skal vere min. 1 A4-side og maks. 2 A4-sider i tekststr. 12. Lagre fila som PDF.
For deg som er nysgjerrig er det meir undervisningsmateriale under temaet Ung i Norden.
- Ung i Norden, eit samfunnsfagsmateriale om identitet og framtidsufordringar.
- Møteplass for framtida, ein sjanse å dele dei kreative ideane din om korleis vi kan møtast på nye måtar.
- Dialogpause, eit aktivitetsforslag og grunnlag for diskusjon.