Norden i Skolen blir administrert av Foreininga Norden, som er ein demokratisk, partipolitisk og relgiøs uavhengig ideell organisasjon som er representert i dei fem nordiske landa Danmark, Finland, Island, Norge og Sverige, og dei tre sjølvstyrte områda Færøyene, Grønland og Åland. Foreininga sitt mål er å styrke og utvikle det nordiske samarbeidet gjennom å sette fokus på blant anna skule og utdanning, informasjon, ungdomsutveksling, vennskapsbysamarbeid og kultur. Sidan starten har Foreininga Norden fremja samarbeid og skapt samhald i Norden gjennom møte og dialog mellom menneske og over grenser.
"Med kunnskap, vennskap og samarbeid skal Norden utviklast til ein region av moglegheiter."
Foreningen Nordens visjon
Verksemda blir driven lokalt, regionalt, nasjonalt og transnasjonalt i Norden og i Østersjøregionen. Versemda gjer det mogleg med møte som skaper utveksling av erfaringar og kunnskapar og ei djupare forståing for våre likskapar og ulikskapar i Norden.
Foreininga Norden sitt samarbeid blir organisert av paraplyorganisasjonen Foreiningane Nordens Forbund, der Norden i Skolen også har sitt kontor. Foreiningane Nordens Forbund si primære oppgåve er å samordne og støtte dei nasjonale Foreiningane Norden sitt arbeid for eit sterkt nordisk samarbeid på alle nivå.
Historie
I kjølvatnet av første verdskrig, som resulterte i auka nordisk samarbeid, blei Foreininga Norden grunnlagd i Danmark, Noreg og Sverige i 1919, medan Finland og Island, samt dei sjølvstyrte områda Færøyene, Åland og Grønland blei med nokre år seinare. I 1965 blei ein felles nordisk paraplyorganisasjon, Foreiningane Nordens Forbund, danna, med eit felles styre som bestod av styreleiarane frå dei respektive nasjonale foreiningane. I tillegg omfattar familien ein sjølvstendig ungdomsorganisasjon, Foreiningane Nordens Ungdomsforbund, og deira medlemsorganisasjonar.
Foreininga Norden har vore nominert til Nobels fredspris to gongar, i 1932 og 1933, og spelte ei aktiv politisk rolle i samband med stiftinga av dei nordiske institusjonane Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd. Foreininga var også ei drivkraft i det arbeidet som leia til den nordiske passunionen, den felles arbeidsmarknaden, sosialkonvensjonen, språkkonvensjonen og tankane om ein felles nordisk marknad.
Bli medlem
Som medlem i Foreininga Norden markerer du at dei mange mellommenneskelege kontaktane og vennskapsrelasjonane i Norden skal talkast på alvor og styrkast. Du kan bli medlem som privatperson og i ein del land kan du bli medlem som skole. Foreininga Norden skaper kontaktar og opplevingar og knyter band mellom nordbuarar ut frå mottoet: Kunnskap gir vennskap. Som medlem får du blant anna tilbod om deltaking i nordiske arrangement, kurs, reiser og konferansar og moglegheit til å knyte nye kontaktar. For deg som er mellom 16 og 35 år finst Foreininga Nordens Ungdomsforbund, som har kulturelle arrangement for unge i heile Norden.
Meir informasjon om ulike typar medlemsskap finn du hos Foreininga Norden og ungdomsforbundet i dei respektive landa.