Kostar det noko å bruke Norden i skolen?
Nei, det er heilt gratis å bruke Norden i skolen.
Skulen min er ikkje med på lista når eg prøver å lage ein profil. Kva skal eg gjere?
Send ein e-post til oss med fullstendig namn og adresse på skulen, så sørgjer vi for at han kjem inn i systemet vårt.
Eg er lærarstudent, kan eg òg lage ein profil hos dykk og kva for ein skule skal eg velje i så fall?Lærarstudentar er velkomne til å lage ein profil hos oss. Når du opprettar profil, vel du lærestaden din eller den skulen der du for eksempel har praksis.
Korleis får elevane mine tilgang til materialet på sida?
Til kvar lærarkonto er det eit spesielt elev-login som alle elevane dine kan bruke. Du finn opplysningane under "Min profil".
Korleis slår eg av undertekstane på filmane?
Det meste av filmmaterialet vårt har tekstar på fleire språk. Lengst nede til høgre i videospelaren er det eit CC-symbol. Klikk på det for å sjå kva språk filmen er teksta på og vel det alternativet som passar deg best.
Skulen min har bytta namn/ adresse. Kva skal eg gjere?
Ta kontakt med oss på e-post med nytt namn eller ny adresse til skulen, så oppdaterer vi i systemet vårt.
Eg har skifta jobb, korleis endrar eg skuleopplysningar?
Du kan sjølv redigere kva for ein skule kontoen din er knytt til under "Min profil" når du er logga inn.
Kan de hjelpe med finansiering av f. eks. skulebesøk?
Her kan du lese meir om kva slags stønadar som finst for skular og andre organisasjonar i Norden. Det går ikkje an å søkje stønad direkte via Norden i skulen.