Møteplass for framtida
DELE IDEANE OG DRAUMANE DYKKAR
I tider med store forandringar blir både kvardagen og samfunna våre stilde overfor nye ufordringar. I dei seinaste åra har både Norden og resten av verda hatt eit stort behov for å forhalde seg til omfattande forandringar. Prøvingar som stengde grenser, pandemi, krig og konflikt, økonomiske utfordringar og ekstremver har direkte og indirekte påverka kvardagen til mennesker. Kva gjer eigentleg desse utfordrningane med oss som mennesker? Kva skjer når vi manglar rom og plassar der mennesker kan møtast, snakke saman, tenkje, lære og forstå kvarandre?
I denne oppgåva har de moglegheit til å dele daumane og ideane dykkar til korleis ein ny fysisk plass for møter skal kunne sjå ut der de bur. Gjennom å bidra med ein idé er de med på eit større innsamlingsarbeid for elevar i vidaregåande skular i heile Norden.
Delar av det innsamla materialet kjem til å bli med i publikasjonen Nordperspektiv.
Ein ettermiddag når du er på veg for å treffe ein ven, går du forbi ein plakat som vekkjer interessa di. På plakaten les du om ein konkurranse som handlar om å komme på ein idé som skapar nye møter og samtaler mellom mennesker:
For den som er nysgjerrig er det meir undervisningsmaterialet under temaet Ung i Norden.
- Ung i Norden, eit samfunnsfagsmateriale om identitet og utfordringar for framtida.
- Min plass i Norden, ei essayoppgåve om kvardagen og plassen der du bur.
- Dialogpause, eit aktivitetsforslag og grunnlag for diskusjon.