Finn ein vennskapsklasse
Gjennom Norden i Skolen har du høve til å få kontakt med ein skoleklasse i eit anna nordisk land. Eit vennskapsklasseforhold opnar opp for ein masse spennande moglegheiter – både fagleg, kulturelt og sosialt. Elevane kan få nye venner og ha det gøy samstundes med at dei lærer på ein måte som skil seg frå den tradisjonelle klasseromsundervisninga. Faktisk vil mange elevar først oppdage verdien av det nordiske språk- og kulturfellesskapet den dagen dei sjølv har hatt høve til å erfare det.
På denne sida kan du søkja etter vennskapsklassar frå heile Norden. Du kan spesifisera kva for vennskapsklasse du og klassen søkjer etter under dei ulike funksjonane. Ver merksam på at årstrinna er ulike i dei forskjellige nordiske landa. Klikk på Årstrinn i Norden under for å sjå forskjellane.