Støttemoglegheiter
Har du eit nordisk samarbeid du vil ta til neste nivå? Nedanfor finn du fleire aktørar som kan tilby støtte til ditt draumeprosjekt. Husk at fleire fond har avgrensa søkemoglegheiter og lange behandlingstider, så det er lurt å vere ute i god tid innan tiltenkt prosjektstart.
Det er ikkje mogleg å søke om støtte gjennom Norden i skolen. Ta direkte kontakt med organisasjonen du ønsker å søke om støtte frå.
- Nordplus gir økonomisk støtte til ulike typar utdanningssamarbeid fordelt på fem delprogram.
- Nordisk kulturfond støttar prosjekt som har som mål å fornye kunst- og kulturliv i Norden.
- Nordisk kulturkontakt administrerer fleire ulike støtteprogram med relevans for skuleverksemd.
- NAPA Kulturstøtteprogram vil bidra til at barn og unge på Grønland opplever at dei har moglegheit til å realisere seg sjølve i eit mangfaldig fellesskap. Prosjektet skal aktivere og stimulere unge på Grønland til å ta aktiv del i kulturproduksjon og kulturformidling, vere berekraftige i eit miljømessig, sosialt og/eller konkurransedyktig perspektiv og fremje arktiske perspektiv i Norden.
- Erasmus+ gir støtte til førskolar, skolar, høgskolar, yrkes- og vaksenopplæring, kommunar og ideelle organisasjonar for å gjennomføre samarbeid og utveksling med organisasjonar i andre land.
- Stiftelsen Clara Lachmanns fond har som hovudmål å fremje det skandinaviske samhaldet. Støtte blir tilbydd til gjennomføring av arrangement i Sverige, Norge, Island og Danmark, inkludert Grønland og Færøyane. Stiftelsen gir støtte til blant anna studiereiser, symposium og kulturell verksemd.
- Svenska kulturfonden gir støtte til den svenske kulturen og opplæringa, det svenske språket og verksemd på svensk i Finland. Stipend og bidrag kan søkast av privatpersonar, arbeidsgrupper og organisasjonar i Finland.
- Vestnordisk hovedstadsfond - Nuuk, Reykjavik, Tórshavn sitt formål er å styrke forståinga og samarbeidet mellom politikarar og borgarar i Nuuk, Reykjavik og Torshavn og å gi økonomisk støtte til aktivitetar (for eksempel gjennom kultur, undervisning og sport) i samband med dette.
- Svenska folkskolans vänner fremjar informasjon på svensk i Finland og bidreg til eit mangfaldig og tolerant samarbeid der det finsk-svenske har ei sterk, sjølvsagd og positiv rolle. Einskilde personar, arbeidsgrupper og samanslutningar (for eksempel skolar eller organisasjonar) er velkomne til å søkje om bidrag.
- Pohjola-Norden (Finland) tilbyr stipend til lærarar, studentar og skoleelevar i Finland for nordiske studiereiser og studiar i andre nordiske land.
- Foreningen Norden (Noreg) gir skolemedlemmerne sine moglegheit til å søkje bidrag til prosjekt der formålet er elevutveksling med si nordiske vennskapsklasse og til reiser, for planlegging av skolesamarbeid, lærarutveksling og studietur.
- Foreningen Norden (Danmark) deler ut økonomisk støtte til danske unge for praksis, studiereiser og andre utdanningsrelaterte tiltak i Sverige, og til islandske unge for opphald ved ein fri kostskole i Danmark.
Bilaterale fond
Følgjande fond støttar kultursamarbeid mellom to av dei nordiske landa/områda. Ofte blir også skoleverksemd som skolereiser omfatta.
- Kulturfonden for Finland og Danmark
- Kulturfonden Island-Finland
- Kulturfondet for Finland og Noreg
- Kulturfonden för Sverige och Finland
- Dansk-Færøsk Kulturfond
- Det Grønlandske Fond
- Fondet for Dansk-Islandsk Samarbejde
- Dansk-Islandsk Fond
- Fondet for Dansk-Norsk samarbeid
- Fondet for Dansk-Svensk Samarbejde
- Svensk-Isländska samarbetsfonden
- Svensk-Norsk samarbeidsfond
- Norsk-islandsk kultursamarbeid
- Svensk-danska kulturfonden