Nordisk råd er ein del av det offisielle nordiske samarbeidet, som er eit av dei eldste samarbeida i verda.
Samarbeidet omfattar Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige samt Færøyene, Grønland og Åland. Danmark, Island, Noreg og Sverige blei medlem av Nordisk råd då Nordisk råd blei danna i 1952. Finland blei medlem i 1955, Færøyene og Åland i 1970 og Grønland i 1984.
Det nordiske samarbeidet er både politisk, økonomisk og kulturelt forankra. Utgangspunktet er at nordisk samarbeid skal ha fokus på dei områda der ein felles nordisk innsats skapar ein meirverdi for dei nordiske landa og borgarane deira. Det nordiske fellesskapet arbeider for eit sterkt Norden i verda og er ein viktig medspelar i europeisk og globalt samarbeid. Felles verdiar landa i mellom er med på å styrke posisjonen til Norden som ein av dei mest innovative og konkurransedyktige regionane i verda.
Etter den andre verdskrigen arbeidde dåtidas politikarar/ parlamentarikarar for eit sterkare internasjonalt samarbeid. Det var i den perioden FN blei danna, Europarådet blei skapt og dei første stega mot EU blei tatt. Samtidig var det mange drøftingar om eit langt tettare nordisk samarbeid. Nordisk råd blei danna i 1952 som resultat av dette.
Det offisielle nordiske samarbeidet skjer innafor rammene av Nordisk Ministerråd, der regjeringane samarbeider og i Nordisk råd, som er samarbeidsforumet til parlamentsmedlemma. I spissen for Nordisk Ministerråd står samarbeidsministrane, som ifølgje avtalegrunnlaget for det nordiske samarbeidet «Helsingforsavtalen» bistår statsministrane i nordiske spørsmål. Nordisk råd har sidan 1952 tatt initiativ og vore rådgjevande og kontrollerande instans i sakar som omhandlar det offisielle nordiske samarbeidet.
Medlemma i Nordisk råd blir kalla rådsmedlem. Dei er innvalde i parlamenta i dei nordiske landa, der dei blir valde til Nordisk råd etter forslag frå dei forskjellige partigruppene. Danmark, Finland, Noreg og Sverige har 20 rådsmedlem kvar. To av representantane til Danmark kjem frå Færøyene og Grønland, medan to av representantane til Finland kjem frå Åland. Island har sju medlem. Det blir ikkje halde direkte val til Nordisk råd. Rådet har 87 rådsmedlem. Nordisk råd er leia av eit presidentskap som består av parlamentsmedlem frå heile Norden.
Medlemma av Nordisk råd drøftar spørsmål og utviklinga av det nordiske samarbeidet med statsministrane ein gong i året på eit toppmøte, i samband med Nordisk råds sesjon. Utover den ordinære sesjonen og ein temasesjon, held Nordisk råd faste møter i utvala, arbeidsgruppene og i presidentskapet. På dei to sesjonane tar dei nordiske rådsmedlemma avgjersler om høve som Nordisk råd ønsker at dei nordiske regjeringane skal finne løysingar på. Det løpande politiske arbeidet i Nordisk råd skjer i utval og partigrupper.
På den ordinære sesjonen blir dessutan presidenten, visepresidenten og medlemma av presidentskapet valde for året som kjem. Presidentskapet går på rundgang mellom landa kvart år. Den ordinære sesjonen blir halde i det landet som har presidentskapet for Nordisk råd. Temasesjonen, som blir halde kvar vår, blir halde i det landet som har formannskapet for Nordisk Ministerråd. I kvart presidentskap er det skrive eit presidentskapsprogram som sett retninga for arbeidet til Nordisk råd.
Utover presidentskapet består Nordisk råd av fagutval, arbeidsgrupper som f. eks. grensehindringsguppa og budsjettordførargruppa, samt av to komitear: Kontrollkomiteen og valkomiteen. Nordisk råd er betent av eit sekretariat, som saman med sekretariatet til Nordisk Ministerråd er plassert i København. Dessutan er Nordisk råd òg betent av Sekretariatskollegiet. Sekretariatskollegiet består av dei nasjonale delegasjonssekretariatane i dei nordiske parlamenta, partigruppesekretariata, Ungdommens Nordisk råd og Nordisk Rådssekreatariat.
Styrande dokument for arbeidet til Nordisk råd:
Helsingforsavtalen som er frå 1962 er avtalegrunnlaget for det offisielle nordiske samarbeidet.
Nordisk råd arbeidar òg for Norden internasjonalt:
Det betyr samarbeid utanfor Norden. Dei tettaste internasjonale samarbeida er dei næraste naboane til Norden, f. eks. Baltisk forsamling, Vestnordisk råd, Arktisk parlamentarikarforsamling og EU-parlamentet.
Kva gjer Nordisk råd?
Presidentskapet
Presidentskapet i Nordisk råd er det øvste besluttande organ mellom dei årlege møtene, sesjonane, og det kan ta avgjersler på vegne av rådet. Presidentskapet leiar og koordinerer arbeidet mellom dei forskjellige organa i rådet, har ansvar for overordna politiske og administrative spørsmål, utarbeidar organisasjonsplanar og budsjett og tar hand om overordnar utanriks- og sikkerheitspolitiske spørsmål. Presidentskapet består av 15 medlem samt ein president og ein visepresident.
Nordisk råds fagutval
Det løpande politiske arbeidet i Nordisk råd skjer i fagutval og partigrupper. Alle politiske spørsmål bortsett frå utanriks- og sikkerheitspolitiske spørsmål, som er presidentskapet sitt ansvar, blir behandla i eit av fagutvala til rådet. Utvala i Nordisk råd har opptil 18 medlem inkludert ordførarskapet, som består av ein ordførar og ein varaordførar. Utvalsmøtene er ikkje offentlege. Konferanser og seminar er likevel åpne for andre enn medlemma og særleg inviterte. Eit av dei verktya som medlemma i Nordisk råd har, er å framlegge medlemsforslag. Presidentskapet og utvala (eit eller fleire saman) kan òg framlegge forslag. Dei blir kalla presidentskaps- eller utvalsforslag. Dersom Kontrollkomiteen legg fram eit forslag heiter det komitéforslag. Dersom partigruppene legg fram eit forslag heiter det eit medlemsforslag.
- ForslagProsessen byrjar med eit forslag som blir avlevert frå ein eller fleire av medlemma i Nordisk råd, partigrupper, delegasjonar, utval eller frå presidentskapet. Siktemålet med eit forslag er at det skal forbetre det nordiske samarbeidet og ha nordisk nytte.
- Presentasjon i plenum eller utval
Forslaget blir i første omgang presentert anten i eit utval, i presidentskapet eller for heile Nordisk råd i plenum, under ein sesjon. - Behandling i utval
Etter den første presentasjonen og debatten blir forslaget behandla i eit utval, som skriv ei utgreiing om forslaget. Ein del forslag blir behandla fleire gonger i utvalet. - Avgjersle på sesjonen
Utgreiinga blir til slutt debattert i plenum av heile Nordisk råd under ein sesjon. Plenum tar ei avgjersle. I visse tilfelle blir den endelege avgjersla tatt i presidentskapet. Dersom utgreiinga blir godkjend i plenum med simpelt fleirtal, blir det ei tilråding, som blir sendt til dei nordiske regjeringane og/eller Nordisk Ministerråd, som tar stilling til tilrådinga i ein eigen prosess.
Utvala i Nordisk råd pr. desember 2022:
Utvalet for kunnskap og kultur i Norden
Dette utvalet arbeider med emner og sakar som vedkjem kultur, forskning og utdanning, grunn- og vidaregåande skule, vaksenopplæring og folkeopplysing - medrekna sakar om språksamarbeid, nye medier, kompetanseutvikling og innovasjon i utdanningane.
Utvalet arbeider òg med sivilsamfunnet og dei frivillige kreftene sitt arbeid, sidan dei to faktorane speler ei sentral rolle i eit demokratisk velferdssamfunn. Idrett, språk, film og medier, allmen og mangfaldig kunst og kultur, samt barne- og ungdomskultur høyrer òg inn under Utvalet for kunnskap og kultur i Norden sitt arbeidsområde.
Utvalet for eit berekraftig Norden
Dette utvalet arbeider med emner og sakar som vedkjem miljø- og naturvern, naturressurser - medrekna utnytting av naturressurser innanfor jordbruk, fiske og skogbruk. Klimaspørsmål er òg ein viktig del av arbeidet - medrekna konsekvensane av klimaendringane, som særleg vedkjem dei nordlegaste områda av Norden. Eksempelvis Grønland med den smeltande innlandsisen, men som òg har globale konsekvenser i form av eksempelvis klimaflyktningar. Forbrukarrettar, fiskeriforvaltning, landbrukspolitikk, matvarer, atomsikkerheit, biologisk mangfald og berekraft er emne og tema som Uvalet for eit berekraftig Norden kjem inn på. Arbeidet handlar om nordiske og globale utfordringar og løysingsmodeller innafor dei over nemnde områda.
Utvalet for vekst og utvikling i Norden
Dette utvalet arbeider med emner og spørsmål som vedkjem arbeidsmarknad og arbeidsmiljø, næring, handel og industri, energi, tiltak mot grensehindringar, transport og transportsikkerheit. Det nordiske samarbeidet handlar i høg grad òg om fri ferd innafor arbeidsmarknaden. Tiltak mot grensehinder gjer det enklare for borgarane å ta utdanning og arbeide på tvers av grensene. Dessutan arbeider utvalet med spørsmål innanfor finans- og økomomisk politikk - medrekna rammevilkåra for forskning, produksjon og handel, og i forlenginga av dette fri ferd på marknadane i Norden. Regional- og strukturpolitikk, kommunikasjon og IT er òg under Utvalet for vekst og utvikling i Norden sine arbeidsområder.
Utvalet for velferd i Norden
Utvalet for velferd i Norden har fokus på den nordiske velferdsmodellen. Utvalet arbeider med å finne haldbare økonomiske løysingar som òg er berekraftige. Utvalet arbeider med emner som omsorg for barn, unge og eldre, funksjonshindringar samt spørsmål knytta til alkohol, narkotika og misbruk. Òg emne som likestilling, borgarrettar, demokrati, menneskerettar og tiltak mot kriminalitet er på agendaen. Integrering, migrasjon og flyktningar høyrer likeins til under dette utvalet saman med boligpolitikk og urfolks vilkår i Norden.
Presentasjon av dei ulike partigruppene i Nordisk råd:
Den sosialdemokratiske gruppa
Den sosialdemokratiske gruppa er ei av dei største partigruppene i Nordisk råd og består av representantar frå dei sosialdemokratiske gruppene i alle dei nordiske landa og Færøyene, Grønland og Åland.
Midtengruppa
Midtengruppa i Nordisk råd består av medlem og varamedlem som høyrer til sentrumsliberale, grøne og kristendemokratiske parti frå dei nordiske landa samt Færøyene, Grønland og Åland.
Den konservative guppa
Den konservative gruppa har medlem frå sju nasjonale medlemsparti i dei fem nordiske landa og frå Færøyene, Grønland og Åland.
Nordisk fridom
Gruppa for nordisk fridom i Nordisk råd samlar medlem og varamedlem frå Danmark, Finland og Sverige. Gruppa understøtter fridom, demokrati og ideen om uavhengige nasjonalstatar.
Nordisk grønt venstre
Partigruppa Nordisk grønt venstre i Nordisk råd består av medlem og varamedlem som høyrer til i eit venstreparti frå dei nordiske landa samt Færøyene, Grønland og Åland. Gruppa har medlem frå åtte parti i Norden.
Utan partigruppetilknytning
I tillegg til dei fire partigruppene er det rådsmedlem som ikkje er knytta til ei partigruppe.