- Å skape meiningsfylte skrivesituasjonar, der elevar frå dei nordiske landa skriv bøker til kvarandre.
- Å etablere kontakt og gi elevar frå dei nordiske landa innblikk i språka, kvardagen, skolen, nærområdet og fritidsinteressene til kvarandre.
- Å styrke språkforståinga, både på eige språk og gjennom forståing av nabospråka.
- Etabler kontakt med ein nordisk vennskapsklasse her.
- Vel kva medium de ønsker å bruke.
- Lærarane kan sjølve avgjere om elevane skal skrive individuelt, i par eller små grupper. På dei yngste klassetrinna kan klassen med fordel skrive felles bøker.
Viss ein ønsker å skrive digitalt, må ein finne fram til eit eigna skriveprogram. Nettprogrammet Skriv og les/WriteReader kan til dømes brukast. Det:
- Er enkelt å bruke og støttar barn i den tidlege skrivinga.
- Kan brukast på alle typar einingar via desse nettsidene: skrivoglaes.dk (Danmark), skrivochlas.se (Sverige) og writereader.com (Noreg).
- Gjer det enkelt å skrive ut bøker og dele dei på tvers av klassar og land.
Viss ein ikkje har tilgang til Skriv og les/WriteReader, er det mogleg å få ein gratis prøveperiode på tre månader ved å skrive til jm@writereader.com.
BESKRIving
I denne aktiviteten skal elevane lage bøker med bilde, tekst og lyd som beskriv dei sjølve, kvardagen deira og kulturen deira. Bøkene blir sende til og lesne av ein klasse i eit anna nordisk land.
Formålet med aktiviteten er å etablere autentiske skrivesituasjonar der elevane fortel om liva sine, skolen og interessene sine til ekte mottakarar i eit anna nordisk land og med ei anna røynd enn dei sjølve.
I tillegg gir aktiviteten høve til å skape kontakt og relasjonar mellom nordiske elevar. I nokre tilfelle kan dette danne grunnlaget for relasjonar også utanfor undervisninga og skolen.
I skrivefasen kan elevane arbeide med eit eller fleire av dei følgande temaa:
- Om meg: Beskriving av seg sjølv eller av ein klassekamerat.
- Skolen vår og SFO: Bøker om skolen med utgangspunkt i ulike stader, aktivitetar og personar.
- Byen og landet vårt: Guidebøker om relevante stader, attraksjonar og bygningar i lokalområdet og landet.
- Fritidsinteresser: Hobbybøker med tips, triks og gode råd om sport, dataspel, bøker, musikk, husdyr og andre populære interessar.
Bøkene kan med fordel bli skrivne i det digitale skriveverktøyet Skriv og Les/WriteReader (sjå under Materiale til venstre), men dei kan sjølvsagt også lagast i andre program eller i analog form.
I denne fasen kan elevane bearbeide bøkene dei har motteke med utgangspunkt i dei følgande ideane:
- Opplesing: Viss bøkene er motteke digitalt, kan dei eventuelt bli lesne og forstått ved hjelp av
«tekst til tale», som kan stillast inn på anten språket til avsendaren eller språk til mottakaren, eller båe.
- Samanlikning av språk: Skriv ut bøkene og la elevane markere ord som er heilt like (grøne), ulike, men forståelege (gule) og heilt uforståelege (raude). For meir informasjon om korleis denne metoden kan brukast, sjå Trafiklysmetoden.
- Omsetting og dialog: Omsett dei raude orda ved hjelp av til dømes translate.google.com eller glosbe.com. Alternativt kan orda sendast i retur til avsendaren med ønske om å få dei forklarte med andre ord.