Atlantbib
Atlantbib.org er ein gratis online fagboksportal som gjer nabospråksundervisninga lett og smidig allereie frå første klasse og vidare oppover. Atlantbib.org er eit bokprosjekt der elevar og lærarar skriv fagbøker for gratis bruk i alle skolar. Bøkene er onlinebøker med fokus på likskapar og skilnadar mellom dei nordiske og baltiske landa med tanke på historie, geografi, språk og kultur. Atlantbib.org har deltakarar frå Danmark, Norge, Sverige, Finland, Island, Færøyane, Grønland, Latvia, Litauen, Sydslesvig og Sápmi. Elevane er med og gjer research, skriv, omset og les inn bøkene før dei blir utgjevne.
Kulturakademi
Kulturakademi er ei grenseoverskridande læringsplattform for skolar og førskolar som tilbyr pedagogisk hjelp og materiale om kultur og språk i regionen Sørjylland-Schleswig. Fokus for Kulturakademi er samarbeidet mellom skolar og museum i det dansk-tyske grenseområdet. På heimesida er det samla materiale som kan støtte opp nabospråksundervisninga i dansk og tysk.
Nordiske språkpiloter
Nordiske språkpiloter er eit prosjekt som har som sitt viktigaste mål å vidareutvikle nordiske morsmålslærarar og lærarar i nordiske språk som andrespråk til å undervise i nordiske språk og nordisk kultur. Kurs og overnatting er gratis, men ein må sjølve finansiere transport.
Nordspråk
Nordspråk er ein organisasjon som består av representantar frå den noriske morsmålslærarforeininga og foreiningar for lærarar i nordiske språk som andrespråk. Nordspråk si viktigaste oppgåve er å arbeide for å sikre at nordiske lærarar på grunnskoler, vidaregåande og lærarskolar har oppdatert kunnskap om dei andre nordiske landa sin kultur og litteratur, samt at dei har reiskap å tilby undervisning i nordiske språk som nabospråk eller andrespråk. Nordspråk har arbeidd med utvikling av kurs og publikasjonar til nordiske lærarar i meir enn 30 år.
The History of Nordic Women’s Literature
Her får du kjennskap til dei seinaste straumdraga i nordisk kvinnelitteratur, samtidig som du kan fordjupe deg i meir enn 1000 års kvinnelitteraturhistorie frå Sverige, Norge, Danmark, Finland, Færøyane, Island, Grønland og Åland. Alt skrive av den leiande litteraturhistorikaren I Norden.
TegnTube
Nettstaden TegnTube vender seg til born og unge som er nysgjerrige på teiknespråk i Norden, men også til vaksne slektingar av teiknspråklege døve eller høyrselsskadde born, samt til yrkesgrupper som arbeider med born og unge. Her kan du sjå filmar der teiknspråklege born og unge fortel om kvardagen sin og kva teiknspråk betyr for dei og bli klokare på nordiske teiknspråk. Kva likskapar finst mellom språka og kva skil dei? Finst det falske vennar som ein bør sjå opp for? Korleis kommuniserer teiknspråklege med kvarandre i dei nordiske landa og kva er dei nordiske teikna?