BRUKARLISENS
Du må akseptera vilkåra nedanfor for å bli oppretta som ny brukar og få tilgang til innhaldet på Norden i Skolen.org.
KOMMUNIKASJON
Norden i Skolen.org krev at brukarane behandlar kvarandre med respekt når dei er inne på nettstaden. Dette betyr at ein snakkar høfleg til og om kvarandre, og sørgjer for å halda ein skikkeleg tone. Læraren har ansvar å fortelje elevane om god oppførsel og kommunikasjon på Norden i Skolen.org.
Norden i Skolen.org har rett til å slette innlegg som vi finn støytande og upassande. Norden i Skolen har rett til å gi vidare informasjon om brukaren til den læraren vedkommande er knytt til.
INNHALD – RIKTIGHEIT OG RETTAR
Alle opplysningane du oppgir, skal vere korrekte. Det er forbode å gi seg ut for å vere ein annan person enn ein er.
Sjølv om vi konstant jobbar for å sikre at all informasjonen på heimesida er korrekt, bør du vere oppmerksam på at Norden i Skolen.org ikkje tek på seg ansvaret dersom informasjonen skulle vise seg å vere ufullstendig, unøyaktig eller forelda. Bortsett frå stadar der det er uttrykkjeleg nemnt, er Norden i Skolen.org ikkje er ansvarleg for innhaldet.
All noverande og framtidig opphavsrett, varemerke og annan intellektuell eigendomsrett i samband med innhald på denne heimesida tilhøyrer Norden i Skolen.org ved Foreningene Nordens Forbund og lisensgivaren vår. Du ervervar ingen rett til heimesida utover ein avgrensa rett til å bruke heimesida i tråd med desse vilkåra.
Du kan ikkje leggje ut for sal, selje eller distribuere over noko medium nokon del av heimesida eller innhaldet. Det er ikkje tillate å inkludere nokon del av heimesida som ein del av ei anna heimeside, verken som hyperlenkje eller anna, med mindre Norden i Skolen.org har gitt skriftleg løyve til dette. Du kan ikkje bruke Norden i Skolen.orgs namn eller misbruke Norden i Skolens merkevare på nokon måte.
Du kan ikkje bruke denne heimesida til noko ulovleg. Dette inkluderer at du aksepterer at du ikkje vil sende, bruke, kopiere, poste eller tillate avsending som er ærekrenkjande eller uanstendig, eller som er fornærmande, uanstendig eller brot på privatlivets fred. Du aksepterer å ikkje sende uoppfordra sals- eller reklamemateriale, spam eller liknande materiale, eller noka form for masseutsendingar som kan forstyrre heimesida si drift eller andre besøkjandes bruk av heimesida.
Norden i Skolen.org ved Foreningene Nordens Forbund har retten til å på eitkvart tidspunkt og utan varsel forbetre, forandre, endre, innstille eller permanent avbryte heile eller delar av heimesida, og til å avgrense eller forby tilgangen.
Den informasjonen vi får via heimesida, vil bli behandla fortruleg, og vil ikkje bli gitt vidare på andre måtar enn i tråd med våre retningslinjer for datafortrulegheit eller dine instruksjonar.
Du aksepterer med dette å ikkje påføre Norden i Skolen.org ved Foreningene Nordens Forbund omkostningar, krav, skadar eller skadeserstatningar (inklusive rettslege omkostningar) som Norden i Skolen.org har teke på seg eller som blir pålagde Norden i Skolen.org som følgje av ditt misbruk av denne heimesida eller ditt brot på desse vilkåra.
Sjølv om denne heimesida inneheld lenkjer til andre heimesider, har Norden i Skolen.org ikkje kontroll over desse sidene. Norden i Skolen.org kan ikkje ta på seg ansvaret for riktigheita eller anna innhald, eller for sikkerheita ved bruk av slike sider. Din bruk av slike sider skjer på din eigen risiko.
Om du bryt desse vilkåra, har Norden i Skolen.org høve til å oppheve tilgangen til heimesida og nekte deg vidare tilgang.
Desse vilkåra kan endrast av Norden i Skolen.org frå tid til anna. Din bruk av heimesida i etterkant av slike endringar utgjer din aksept av desse endringane.
Desse vilkåra samt innhaldet på heimesida er underlagde dansk rett og danske domstoler sin jurisdiksjon.
Spørsmål eller førespurnader som du måtte ha angåande heimesida eller Norden i Skolen.org, ber vi blir sende per e-post.
BEHANDLING AV PERSONOPPLYSNINGAR
Gjennom å registrere deg på Norden i Skolen samtykkjer du til at vi kan lagre og behandle personopplysningane dine. Dei opplysningane du oppgir i registreringsskjemaet, blir lagra på Norden i Skolens server.
Informasjonen vi samlar inn frå deg, bruker vi til å:
- få informasjon om korleis brukarane er geografisk spreidde
- som grunnlag for funksjonar på Norden i Skolen, f.eks. skolechatten og vennskapsklasseordninga
- kontakte deg med nyheiter og viktige endringar på www.nordeniskolen.org
Vi vedtek forskjellige tryggleikstiltak for å beskytte personopplysningane dine. Vi gjer bruk av avanserte krypteringsmetodar for å beskytte sensitive opplysningar som blir overførte på nettet. Berre medarbeidarar som skal utføre ei bestemt arbeidsoppgåve, får tilgang til identifiserbar informasjon. Norden i Skolen vidareformidlar aldri personopplysningane dine til ein tredjepart utan samtykke frå deg.
Du har rett til å få innsyn i alle opplysningar som vedkjem deg. Du kan krevje å få sjå alle personopplysningane vi har lagra om deg, ved å kontakte oss på kontakt@nordeniskolen.org.
Du har rett til å få personopplysningane dine sletta. Du kan krevje å få opplysningane dine sletta for godt ved å kontakte oss på kontakt@nordeniskolen.org. Då slettar vi alt vi har av personopplysningar som kan koplast til deg.