Den 11.11 er det Nordisk klimadag og her hjå Norden i skulen markerer vi det ved å fokusere på klima og berekraft i heile november månad. Her har vi samla ressurser til deg som underviser i 8.-10. klasse eller på vidaregåande nivå og som er interessert i ein nordisk dimensjon i undervisninga om klima og berekraftig utvikling.
Nordisk skulechat om klima
8.-10. KLASSE & VGS Klima- og miljøspørsmåla kryssar landegrensene og krev derfor eit godt samarbeid og god kommunikasjon. Nordisk klimachat har både fokus på skandinavisk nabospråkforståing og berekraftig utvikling. Konseptet er designa for tverrfagleg samarbeid mellom lærarar i norsk, naturfag og samfunnsfag.
- 9. november kl. 10.00-11.00 (CET). Målgruppe: VGS
- 10. november kl. 10.00-11.00 (CET). Målgruppe: 8.-10 klasse
Meld på klassa di her og les meir om eventet
Les meir om Nordisk skulechat her
UTFORSK KLIMA GJENNOM FILM
8.-10. KLASSE I kortfilmen "Fuck Fossils" følgjer vi to ungdommar ein haustkveld i år 2050. Kvardagen deira er allereie prega av konsekvensane av klimaforandringane og det store spørsmålet denne kvelden er om verda har klart å avgrense den globale oppvarminga til 2 grader? I hovudrollene er Thomas Hayes (blant anna kjend for rolla som William i TV-serien SKAM) og Rebekka Kjølle. Filmen er basert på Thomas Cottis sin forskingsrapport "Ei framtid du ikkje vil ha".
VGS I dokumentaren "Rejsen til isens indre" reiser regissøren med tre av dei fremste glaciologane i verda på banebrytande, vitskapelege ekspedisjonar på den grønlandske innlandsisen. Dei deler ei overtyding om at klimaforskning ikkje berre kan basere seg på satelittmålingar og datamodellar. Forskarane må vere der endringane skjer for å få pålitelege resultat. Alle tre forsøker å svare på eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid: Kor raskt smeltar isen?
SJU NYE TEMAPAKKAR MED FOKUS PÅ UTDANNING FOR BEREKRAFTIG UTVIKLING
VGS I samarbeid med Menntamálastofnun (undervisningsdirektoratet på Island) har Norden i skulen gleda av å presentere eit omfattande materiale om utdanning for berekraftig utvikling. I dei globale verdsmåla til FN 4.7 blir det slått fast at alle elevar skal ha nødvendig kunnskap og ferdigheiter for å kunne fremje berekraftig utvikling. Det nye materialet inneheld sju temapakkar som nettopp har utgangspunkt i dette målet. Korfor ikkje starte med temaet klimaforandringar?