Nordens dag 2023 nærmar seg med stormskritt. Vi har lada opp med ei skikkeleg pakke for vidaregåande skule, som gjer dykk klokare på det offisielle nordiske samarbeidet. De får òg moglegheit til å spørje ut medlem av Nordisk råd live i skulechatten vår.
70 år med nordisk samarbeid - kva vil de spørje parlamentsmedlemma i Nordisk råd om?
Nordens dag blir feira kvart år den 23. mars. I år markerer vi dessutan 70-årsjubileum for Nordisk råd, og dette gjer vi gjennom å ordne ein nordisk skulechat for vidaregåandeklassar! Det blir ikkje kva slags skulechat som helst, men ein skulechat der dei klassane som deltek faktisk får moglegheit til å snakke med parlamentsmedlem frå Nordisk råd.
Arrangementet føregår i ein time og kvar chat i fem minutt. Start gjerne allereie nå med å tenke på om det er noko spesielt de vil spørje dei nordiske parlamentsmedlemma våre om!
Kva retning kjem Norden til å ta i framtida?
Kan hende klassa kan finne inspirasjon til skulechatten i det kommande undervisningsmaterialet "Norden i framtida og EU"? Temaet tar opp eventuelle dilemma som kan oppstå mellom det nordiske samarbeidet og eit EU-samarbeid, sidan ikkje alle dei nordiske landa er medlem av EU. Undervisningsmaterialet er retta mot elevar i den vidaregåande skule og finnst her.
Fire spørsmål til nordiske parlamentsmedlem
I samband med 70-årsjubileet til Nordisk råd har Norden i skulen utarbeida eit intervjumateriale med medlem frå Nordisk råd og Ungdommens Nordiske råd. Sjå kva parlamentsmedlemma våre har slags tankar om nordisk samarbeid, kva for nokre spørsmål dei ser på som aktuelle og korleis samarbeidet påverkar dei unge i Norden. Vi har til og med ein ny, utdjupa tekst om Nordisk råd og korleis dei arbeider, kva slags forgreiningar som finnst og kva for nokre parti som sit i rådet for øyeblikket.