Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Bruksområda til olje

Oliensanvendelse.JPG

Vi kan takke olja for mykje av det vi nyt godt av i det moderne samfunnet. Vi flyttar oss rundt ved hjelp av bilar, fly og tog som nyttar bensin og diesel, som er laga av olje. Olje blir nytta direkte i oljebrennarar og til oppvarming, og på Grønland er olje den mest brukte energikjelda til produksjon av elektrisitet. Òg Færøyane har nytta olje til straumproduksjon, men har i fleire år byrja å gå over til produksjon av elektrisitet ved hjelp av vindturbinar. På grunn av atlantiske stormar har vindturbinar derimot hatt ei tøff tid på øyane, og over tid har mange vindmølleblad blitt øydelagde. Målet er no at 75 % av elektrisiteten på Færøyane skal produserast ved hjelp av vindturbinar i 2020.


Storparten av verdas oljeforbruk går til transport, og i 2004 blei 38 % av verdas energiforbruk dekt av olje. Men olje blir òg nytta til andre ting som er viktige i samfunnet i dag, til dømes plast og asfalt. Men alle medaljar har ei bakside. Dette gjeld òg oljeeventyret.


Olja forureinar på fleire måtar når ho blir brend. Ho slepper ut farlege sotpartiklar i lufta som er usunt å puste inn. Desse kan forårsake kreft, allergi og sjukdommar i hjartet og lungene. Olja sender òg store mengder CO2 ut i lufta. Dette aukar drivhuseffekten som endrar klimaet vårt, og kan forårsake flaumar, stormar og tørke og drive menneske på flukt frå tidlegare befolka område.


Mengda er avgrensa

Mengda olje vi nyttar i Vesten, har allereie blitt eit stort problem. Samstundes aukar velferda i fleire og fleire land. I t.d. Kina og India drøymer millionar av menneske om å få eigen bil, kjøleskap til å halde maten frisk, eller kort avstand til sjukehuset. Skal dei få ønska sine oppfylte, må vi tenkje heilt nytt på energiområdet. For jorda kan ikkje tole at alle dei mange milliardane av menneske forureinar like mykje som vi gjer i Vesten. Samstundes er det mykje som tyder på at det er i ferd med å gå tomt for olje. Forskarane er ikkje heilt einige om når dette vil skje. Men alle er einige i at det vil skje før eller seinare – rett og slett fordi det tek fleire millionar år for naturen å produsere oljeressursane, og vi nyttar olja langt raskare.


Det er altså mange faktorar som peikar på at vi må førestille oss eit liv utan like mykje olje som vi nyttar i dag. Men det blir ikkje lett. Olja er bokstaveleg talt smurd så djupt inn i vår måte å leve og tenkje på at det må gjerast store endringar for å erstatte ho – heilt eller delvis. Eit av dei store problema er at vi har blitt avhengige av olja. Mange maskiner er utvikla for bruk med olje som drivstoff, og det er ikkje lett å skulle endre på alle disse maskinene. Forskarar og oppfinnarar må utvikle heilt nye teknikkar. Heldigvis er dei allereie godt i gang med å utvikle slike teknikkar.


Vindturbinar og solvarmeanlegg er døme på nye energiformer. Og bilar som kan køyre på ei blanding av sprit og bensin, er døme på nye motorar som ikkje er 100 % avhengige av olje. Men det er framleis ein lang veg å gå.


Eit anna problem er at vi nyttar meir og meir energi. I 1945 var det 600.000 arbeidshestar i eit land som Danmark. Kreftene deira blei spesielt nytta i jordbruket til å trekkje plogar og harver. I dag har Danmark meir enn 600.000 hestekrefter aleine i motoriserte grasklipparar, jordfresarar og yachtar.


Det er ikkje tilfeldig. Det heng delvis saman med at olja til å byrje med var ganske billig. Folk trudde det var rikeleg med olje. Det gjaldt berre å finne ho. Men det er ikkje mange som tør å tru på dette lenger. Jo mindre olje, jo større konkurranse blir det òg om å få tak i dei store, klissete dråpane – og jo dyrare olje blir det òg. 

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

      Beskriv kva vi brukar olje til. Forklar kva vi kan bruke i staden for, om vi ikkje lenger hadde olje.

    • 2Temaoppgåve

      Lag ein plansje med ei tidslinje som begynner på byrjinga av 1900-talet. Finn bilete på nettet som illustrerer ting som anten er laga av eller bruker olje, og plasser dei på tidslinja.

    • 3Temaoppgåve

       

      Lag ei dagbok der du noterer kvar gang du bruker olje. Når du køyrer i bil. Når du køyrer på asfalt, når du får noko laga av plast. Kor mange gonger om dagen bruker du olje?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse

      Ca. 5 % av verdas oljeforbruk går med til å framstille plast. I Norden blir plast produsert i både Noreg, Sverige og Finland. Ta bilete på skolen av ting laga av plast, og beskriv kva materiale dei alternativt kunne vore laga av dersom plast ikkje fanst. Send bilete og forklaringar til vennskapsklassem og diskuter kva plast betyr for kvardagen dykkar.