Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

Gå til oppgåver
print

Om kol

Klassetrinn 8.-10. klasse Fag Naturfag Læringsfokus Stoff og energi Tema Ressursar Emne Kjemi Type Tekst
Omkulstof.jpg

 

Kol har i tusenvis av år blitt nytta som energikjelde, og i løpet av dei siste åra har bruken av kol til energiproduksjon auka og auka. I 2013 auka forbruket med 3 % på verdsbasis, og India og Kina stod for 88 % av denne auken. Kolforbruket i verda veks faktisk så valdsamt at det har kome i konflikt med ambisjonane om å redusere klimagassutsleppa. Det er venta at forbruket vil auke med 1,2 milliardar tonn innan 2017. Dette tilsvarer dagens samla forbruk i USA og Russland.

Kol finst i ulike former. Brunkol er vanleg i Europa, og blir utvinna frå store gruver i blant anna Aust-Europa, og dei største førekomstane i Europa finst i Tyskland. Kol finst òg i ei form for steinkol som inneheld meir energi og derfor er meir verd som brensel, og i ei form som heiter antrasittkol. Alle former for kol er danna av dyre- og planterestar som gjennom millionar av år har blitt omdanna til eit hardt og solid materiale. Først blir planterestane til torv og deretter til brunkol. Kol blir berre danna i stilleståande vatn under så mykje trykk frå dei overliggjande laga at karbondioksid, hydrokarbon og karbonmonoksid blir pressa ut av materialet.


Kvar finst det kol?

Kol blir grave ut eller utvunne frå gruver som ligg i lag, og som kan vere mange meter tjukke og liggje 1 kilometer ned. Det finst derimot òg mykje brunkol nær overflata som kan utvinnast med gravemaskiner. I Norden er det hovudsakeleg Danmark som nyttar kol til energiproduksjon, ettersom Danmark ikkje har hatt tilgang til naturlege energikjelder som jordvarme eller vasskraft. I løpet av dei siste åra har ein fokusert på å unngå bruk av kol som brensel, fordi CO2-utsleppet er svært høgt. Kol er derimot ganske billig, og det finst mykje av det. Ein antek at kolmengdene i verda kan dekkje forbruket dei neste 250 åra.

 

Koldebatten

Miljøforkjemparar over heile verda har i fleire år forsøkt å presse EBRD – som er banken i Europa som støttar utviklingsprosjekt i verda – til å stanse økonomisk støtte til land som vil byggje eller utvide eksisterande kolkraftverk. Kol – og ikkje minst brunkol – er nemleg den meste forureinande energikjelda som finst.

Dei nordiske landa har i samband med dette utarbeidd ei felles erklæring som lyder slik:

«Som ei del av vår forplikting til å framskunde overgangen til energisystem med låge CO2-utslepp, vil leiarane i Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige gå saman med USA for å stanse støtta til nye koldrivne kraftverk, bortsett frå i sjeldne tilfelle. Vi vil jobbe saman for å sikre støtte frå andre land og frå multilaterale utviklingsbankar for å få dei til å gjennomføre ein liknande politikk.»

Blant anna steinkol blir forbrent i eit kolkraftverk. Steinkol har eit høgare karboninnhald enn brunkol, og inneheld òg hydrogen (H). Når steinkol blir forbrent med oksygen, blir avfallsproduktet CO2, vatn og varme.

 

Sur nedbør

Steinkol inneheld òg svovel (S). Det vil seie at svovel blir sleppt ut i lufta, og at det kan dannast svovelsyre (H2SO4). Ved høge forbrenningstemperaturar kan det jamvel dannast salpetersyre (HNO3). Begge syrene bidreg til eit fenomen vi kallar for sur nedbør, som har forårsaka avskoging og gjort skade på jorda mange stader. Danmark har ikkje blitt like hardt råka av sur nedbør som Noreg og Sverige, sidan jorda i Danmark er svært kalkhaldig pga. avleiringar frå istida. Kalk er ein base og verkar derfor nedbrytande på syre.

Ved forbrenning av eit kilo med kol blir det (om røyken ikkje blir reinsa) danna:


    2,4 kg CO2
    0,019 kg SO2
    0,005 kg NOX


Reinsing og lagring

Kanskje kan nokre av problema løysast teknisk. Fleire stader jobbar ein med å reinse og fange røyken før han blir sleppt ut gjennom pipa. Dette kan vere løysinga på ein del av CO2- og drivstoffproblemet. Ideen er å fange og lagre CO2-utsleppet som kraftverket produserer under energiproduksjonen. Teknikken heiter for CCS, som står for «Carbon Capture and Storage» – det vil seie «oppsamling og lagring av CO2». Dette er dessverre både dyrt og vanskeleg, og mange av prosjekta som ein har forsøkt å gjennomføre, har blitt avbrotne av same grunn. 

Logg inn for å lesa meir

Oppgåver

  • Fleirvalsoppgåver

  • Temaoppgåve

    • 1Temaoppgåve

       

      Beskriv prosessen og lag ein illustrasjon av korleis dyre- og planterestar blir gjorde om til kol. Kor mange år tek kvar enkelt del? Kvar på jorda finst dei? Kva kallast dei ulike typane kol?

    • 2Temaoppgåve

       

      Kva er sur nedbør? Korleis kjem det sur nedbør? Kva problem skaper sur nedbør? Kvar i Norden har sur nedbør påverka klimaet mest, og kvar har det påverka det minst? Beskriv og forklar kvifor og korleis.

    • 3Temaoppgåve

       

      Undersøk kor mykje kol kvart land nyttar til straumproduksjon. Korleis jobbar ein med å redusere kolforbruket i dei nordiske landa? Er kolforbruket blitt større eller mindre i Norden dei siste ti åra?

  • Vennskapsklasse

    • 1Vennskapsklasse


      I Nordan har vi ikkje store kolressursar – men det har dei i våre naboland i sør: Tyskland og Polen. Finn bilete på nettet (t.d. via Google Maps) som viser korleis landskapet blir endra av kolgraving. (Sjå t.d. ei fullstendig liste over kolgruver i Polen her: http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_mines_in_Poland).

      Send bileta til vennskapsklassen og lag ei forteljing om livet i byen der kolet ligg. Kva trur de det betyr for innbyggjarane å ha ei kolgruve så nært? Kva ville skje om ho blei stengd?