Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

28-09-2015

Ressurser og Råvarer - fiskeri

Ressurser og Råvarer - fiskeri

Kor kjem maten frå?
Nytt og gratis undervisningsmateriale til alle 12-14-åringar i Norden om ressursar og råvarer

Ei undersøking frå 2013 viser at 1/3 av alle barn og unge ikkje hjelper til med matlaginga i heimen - og samtidig er forbruket av halvfabrikat i matlaginga stigande. Det betyr at mange skolebarn i dag veit langt mindre om kor maten dei et kjem frå enn for berre ein generasjon sidan.
I eit nytt tema sett Norden i Skolen fokus på ressursar og råvarer og sett samtidig Kampen mot Matkasting i gang. Når vi veit meir om dei ressursane vi brukar blir vi nemleg også betre til å ta vare på dei. Det nye temaet fortel om framtida sine moglegheiter for beredyktig fiskeri, skogbruk, husdyrhald og korndyrking, og passar til måla i læreplanane til dei nordiske skulane i biologi, samfunnsfag og natur og teknikk.

 

Havet sitt matkammers

Island er eit av dei nordiske landa som har kome langt i å minske svinn av fiskefangst. Norden i Skolen har sett nærmare på islandsk fiskeri og besøkt lokale som driv med berekraftig utvikling og nyskapande metodar til å minske svinn av fiskefangsten. Frå 11. november 2015 vil elevar i Norden kunne møte undervisningsmateriale og stoff til ettertanke på www.nordeniskolen.org, om fisk som ressurs og råvare, om berekraftig havbruk og lære om omgrep som biodiversitet og berekraft.

 

Svinn kan også unngåast med innovativ utvikling

Akkurat no er torsken den fiskearten som islendingane er kome lengst med å utnytte alle delar av, og er eit område som stadig er i utvikling. Eit døme på nyutvikling på området er den nord-islandske Kerecis, som har utvikla vevprodukt frå torskeskinn, som har vist seg å vere eigna til bruk mot kroniske hudsjukdommar og andre hudskader.


Fult utnytting av torsken er også eit fokusområde i ’Hús sjávarklasans’ - eit nytt kontorfellesskap av firma og entreprenørar i maritime fag. Her held bl.a. Codland til; eit lite firma som arbeider ut frå målsetting om å utnytte alle biprodukt av torsken 100%. Døme på eit produkt i utvikling akkurat no er mineraltilskot laga av torskebein og dyrefor som kan brukast som økologisk gjødsel, og som i tillegg fungerer på alle utviklingsstadia til planten.


Saman med det nye undervisningsmaterialet på www.nordeniskolen.org vil elevane bli presentert for torsk som eit døme på korleis ein kan forstå, behandle og bruke ei nordisk råvare på ein meir berekraftig måte.


Grunnlag for ei meir berekraftig framtid

Når det kjem til beredyktig utvikling, er Skandinavia og Nord-Europa faktisk dei områda kor sertifisering av beredyktig fiskeri står sterkast no. Den mest kjente av disse er Marine Stewardship Council (MSC); eit globalt samarbeid med partnarar om å fremme berekraftige fiskeriprinsipp. Da Norden i Skolen spurte MSC sin prosjektleiar i Island og det nasjonale koordinasjonsorgan Iceland Sustainable Fisheries, så var den erklærte målsettinga 100% berekraft.

Det er framleis ein del veg igjen å gå. Men Norden i Skolen kan sjølvsagt berre bakke opp om ambisjonane! Med det nye undervisningsmaterialet på portalen vil elevane i Norden bli presentert for emne om korleis både forbrukarar og verksemder kan tenke og agere i retning av ei meir berekraftig framtid.

Nordisk rolle

Det islandske fiskeriet har spelt ei historisk rolle i nordisk samanheng. Og det gjer det i dag også. I samarbeid med andre nordiske land, organisasjonar og institusjonar vert det i dag arbeida med å forske på berekraft innan fiskeri. I næringslivet er det stigande bevisstheit om å finne nye, betre og meir berekraftige løysingar, både nasjonalt og i Norden.
Det er framleis ein del å ta fatt på. Men dei nordiske landa har både nasjonalt, tverrnordisk og globalt eit sterkt grunnlag for å bygge bruer for ei meir berekraftig framtid. Med det nye undervisningsmaterialet til Norden i Skolen om ressursar og råvarer kan elevane lære meir om forskjellar og likskapar i Norden og bli inspirert til å sikte mot ei meir berekraftig framtid.

 

Framtida sine forbrukarar ute i feltet

Ein måte å få elevar, framtida sine forbrukarar, til å tenke over kor maten kjem frå er å kome ut i feltet og sjå råvarene. Med det komande undervisningsmaterialet vil Norden i Skolen oppmode elevane både til å bli betre kjent med sitt eige nærområde og lære meir om korleis nordiske råvarer er forskjellige frå land til land.

I sommar var Norden i Skolen vitne til ein felttur arrangert av det vesle firmaet Codland, for 15-16-åringar i fiskarbyen Grindavík, som handla om å bli betre kjent med sitt eige nærområde. På turen besøkte dei unge Grindavík-innbyggarane bl.a. den lokale fiskeprodusenten Stakkavík, som arbeider med fersk fisk. Her kunne dei unge sjå korleis fisk blei foredla, frå å kome som heile fiskar til å bli foredla til dei fiskefileane som vi ser i butikken. Mange av dei unge har familie og kjente som arbeider med fisk. Med besøket i Stakkavík kunne dei få ei betre forståing av korleis fisken ser ut og behandlast som ressurs og råvare, i deira eige nærområde, og gjere dei klokare på om dei sjølv vil spesialisere seg innan havbruk.
Les meir om dei nye temaa av året og meld på klassa di til Kampen mot Matkasting på www.nordeniskolen.org.

 

DELTA I KAMPEN MOT MATKASTING:

1. MELD PÅ KLASSA DI
2. REGISTRER MATAVFALLET TIL KLASSSA I MINIMUM EI VEKE
3. NO DELTEK DU I KAMPEN MOT MATKASTING

Premie: 5000 DKK (6200 NOK) til klassekassa