Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

12-05-2016

Skolelærarar i hele Noreg får gratis tilgang til filmar

Skolelærarar i hele Noreg får gratis tilgang til filmar

No får alle lærarar i Noreg og dei andre nordiske landa gratis tilgang til filmar frå heile Norden. Dette skjer når læringsportalen Norden i Skolen i dag lanserer eit heilt nytt filmtilbod med 39 kort- og dokumentarfilmar.

På skolar i heile Norden kan lærarar og elevar no sjå fram til ei perlerekkje av nordiske kort- og dokumentarfilmar. Filmane er fritt fram å nytte i undervisninga på skolane og er meinte å bidra til å styrkje undervisninga i dansk, norsk og svensk og nordisk kultur i dei nordiske landa. Det nye filmtilbodet er det ferskaste tilskotet til den største læringsportalen i Norden, Norden i Skolen.
Den nye filmpakka består av 39 utvalde kort- og dokumentarfilmar. Filmane er på språk frå alle dei nordiske landa, og som noko heilt nytt kan ein i alle filmane velje undertekstar på åtte ulike nordiske språk: dansk, norsk, svensk, finsk, islandsk, færøysk, grønlandsk og samisk. Denne funksjonen har fagmiljøet lenge spurt etter.

– På Norden i Skolen arbeider vi heile tida beinhardt med å gjere undervisningsmaterialet så oppdatert som mogleg. Derfor er eg utruleg glad vi no kan presentere eit filmtilbod lærarane lenge har etterlyst, og som gjer det mogleg å arbeide med nabospråksforståing på ein ny og levande måte, seier programsjef Thomas Henriksen.

Det nye filmtilbodet gjer det lett for alle lærarar i dei nordiska landa å undervise elevane i nabospråka på ein heilt ny måte. Til kvar film høyrer det oppgåver som er knytte til konkrete undervisningstema og rettar seg til ulike klassetrinn, med både tekstar, dikt og musikk. Filmpakka er dermed eit nytt alternativ i undervisninga i nabospråk:

– Filmtilbodet på Norden i Skolen gir lærarane eit heilt nytt høve til å arbeide med dei nordiske språka på ein ny og annleis måte. Samstundes håper vi at pakka er med på å vekkje interesse hos elevane for språka og kulturen i nabolanda og får dei til å dykke ned i dei mange moglegheitene og opplevingane ei større nabospråksforståing gir dei, forklarer Thomas Henriksen.

Filmtilbodet på Norden i Skolen er gratis for alle lærarar i nordiske land. For å få tilgang til filmar, oppgåver og så vidare må ein opprette ein brukar på www.nordeniskolen.org.

 



Norden i Skolen har eksistert sidan 2012 og er ein gratis læringsportal som gir lærarar og elevar i alle dei nordiske landa heilt nye moglegheiter til å arbeide med nordisk språk og kultur samt klima og natur. Norden i Skolen rettar seg til undervisning på både grunnskole- og vidaregåandenivå. Akkurat no er over 4700 lærarar registrerte på portalen, som er utvikla av Foreningerne Nordens Forbund. Det nye filmtilbodet er støtta av Nordisk Ministerråd og Nordisk Sprogkoordination.