Penn og bingoark allereie? Det er tid for bingo i Nordisk skulechat! I dette konseptet er det elevane som får kome på spørsmåla i jakta på gevinsten, det vil seie bingo! Dei får bli kjende med spørjeorda i dei skandinaviske språka og øve på å stille eigne spørsmål, alt som ein del av ein morosam leik!
Sik går det føre seg:
- Målet er å få bingo. Det får ein om ein kan setje fire kryss på rad (loddrett, vassrett eller diagonalt). Om ein vil gjere det vanskelegare, kan ein ha som mål å fylle heile arket.
- Elevane får eitt bingoark på kvar. I rutene på arket finst ulike påstandar og målet er at elevane skal finne andre elevar i chatten som er passar til påstanden - gjennom å spørje! Finn dei nokon som er passar til det som står i ruta, skriv dei eleven sitt namn i ruta med påstanden og kryssar seinare ut ruta.
- For eksempel, om det står "Har ein hund" i ruta, kan ruta kryssast av når eleven har snakka med ein elev som har ein hund. Då kan eleven notere namnet til den andre eleven i ruta og deretter krysse ut. Elevane må sjølve kome på spørsmål for å finne ut om noko av det som står i rutene passar til deira chatpartner.
Førebu dykk slik:
- Skriv ut bingoarka og del ut eitt ark til kvar av elevane. Det kan vere lurt å skrive ut nokre ekstra i tilfelle nokon rekk å fylle ut heile bingoarket før chatten er slutt.
- Gå gjennom bingoarket og reglane saman. Diskuter korleis ein kan finne ut om personen ein chatter med passar med det som står på arket. Diskuter gjerne korleis ein behandlar kvarandre i chatten - at ein behandlar kvarandre med respekt og at det er det er kvar sin gong å stille spørsmål.
- Det kan vere lurt å gå gjennom spørjeord på dei skandinaviske språka. Hjelp til det kan de finne her.
- Meir om korleis skulechatten går føre seg, kan de lese her.
Dette treng elevane:
- Utskrive bingoark
- Bingo-konseptet er utvikla for nabospråkstrening på svensk, dansk og norsk. Difor er bingo-arka på svensk, dansk, bokmål og nynorsk.
- Pennar