Tekst
Video
Spel og leik
Konkurranse
Lydinnspeling
Oppgåve
Faglitteratur
Lærarrettleiing

Gløymt passord?

 

Læringsmål

{{learningObjectiv.description}}

Oppgåva er no levert

{{assignment.Index}} {{assignment.Type}}

Kommentar

Oppgåver

{{assignment.Comment}}

SKAM 6: Jeg er ikke sånn homohomo

Logg inn for å lesa meir

Instruktør: Julie Andem

Produsent: NRK

Produksjonsår: 2015-17

Pedagogiske konsulentar: Trine Ferdinand og Dorte Haraldsted

Oppgåver

  • 1Mål

    De kan lære å

    • lese dialogar frå Skam
    • finne ut meir om hendinga Gay Pride
    • forstå utvikligna til isak
    • diskutere haldningar til homofile
  • 2Før

    I eit klipp snakkar Isak og Even om Gay Pride, som er ei hending som finn stad årleg i Noreg og i fleire andre nordiske land.

    • Finn ut meir på nettet om Gay Pride i landet ditt. Kor og når blir det arrangert? Kva feirar ein under Pride? Kvifor blir det arrangert? Når blei den første Pride-feiringa arrangert i landet ditt?
  • 3Under

    Oppgåver til 1. klipp

    • Sjå klippet eit par gonger.
    • Kva er det for ei «homo-pakke» Isak ikkje vil bli assosiert med?
    • Kvifor meiner Eskild ikkje at Isak kan tillate seg å heve seg over ein bestemt type homofile?
    • Kva meiner Eskild med at det krev eit spesielt mot å vere homofil på den måten?
    • Kvifor har Eskild til slutt ikkje lyst til å snakke meir med Isak?
    • Har de før møtt på Isaks og Evens ulike oppfatningar av homofile?
    • Kva haldning har de sjølv?


    Oppgåver til 2. klipp

    • Sjå klippet eit par gonger.
    • Kvifor trur de at Isak har vanskar med å sove?
    • Kvifor vil ikkje helsesøstera gi Isak sovepiller?
    • Kva trur de helsesøstera meiner med at «hvert menneske er en øy»? De kan ev. finne ut meir om betydninga og referansane til sitatet på nettet.
    • Kvifor vel Isak å snakke med Jonas?
    • Korleis reagerer Jonas når Isak fortel han at han liker ein gut?
    • Korleis trur de reaksjonen til Jonas er for Isak?
    • Er reaksjonen til Jonas realistisk?
    • Korleis ville de reagert om ein venn fortalde at han var homofil?


    Oppgåver til tekstdialogen

    • Les og omset dialogen til dialekta dykkar.
    • Framfør dialogen som eit lesestykke med ein makkar. De kan velje å gjere det på oslodialekt eller dykkar eiga dialekt.
    • Korleis vil Isak leve livet sitt no?
    • Korleis levde han livet sitt før?
  • 4Etter

     

    • Kjenner de til andre filmar eller bøker der hovudpersonen strevar med å erkjenne seksualiteten sin? Korleis handterer personane legninga si samanlikna med Isak?
    • Er Isaks indre kamp for å erkjenne homoseksualiteten sin ei relevant problemstilling for unge i landet dykkar? Kva haldningar til homofile veit de om? Kva veit de om situasjonen for homoseksuelle i andre delar av verda? Er Isaks indre kamp like relevant for menneske i alle land?

    I klippa får vi ikkje vite særleg mykje om kvifor Isak har vanskar med å erkjenne seksualiteten sin.

    • Snakka saman om årsakene til at det kan vere vanskeleg å erkjenne for seg sjølv at ein er homoseksuell.